Sand
Foto: Kjersti Hetland / NRK

Her er inga oljekrise

Medan fleire kommunar i Rogaland slit med høge arbeidsløysetal, er arbeidsløysa i Suldal på 0,8 prosent.

– Eg kan ikkje hugsa at arbeidsløysa har vore på over ein prosent, seier Elin Kjellstad.

Ho er leiar for NAV i ein kommune som har fått merka lite til oljenedturen. På kontoret i Sand i Suldal er det ingen kø, og sjeldan kjem det inn arbeidsledige som vil søka om dagpengar.

– Sist eg sjekka var 17 personar registrerte som arbeidsledige, seier ho.

Med eit innbyggjartal på om lag 4000, gir det ei arbeidsløyse på 0,8 prosent. Og det er lågast i Rogaland.

Ikkje avhengig av olja

Du misunner ikkje ordførarane på Nord-Jæren?

– Det gjer eg slettes ikkje, ler ordførar Gerd Helen Bø.

Medan kollegaene hennar lenger sør i fylket må uroa seg over høge arbeidsløysetal, kan ho gle seg over at arbeidsløysa i Suldal faktisk går ned.

Gerd Helen Bø

Gerd Helen Bø er ordførar for Senterpartiet i Suldal kommune.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Det er klart det er kjekt. Men arbeidsløysa har lenge vore låg i Suldal.

Få har flytta til kommunen utan å ha jobb i sikte, og arbeidsplassane har ikkje forsvunne med den låge oljeprisen.

– Me er ikkje oljebasert, og me har ikkje slike næringar som er avhengige av å få levera til olja, meiner ho er forklaringa.

Suksess med stein

I Suldal har dei skapt arbeidsplassar ved å nytta andre naturressursar enn olja.

På Jelsa ligg det som har blitt Europas største pukkverk. Frå det enorme steinbrotet blir det henta ut om lag 10 millionar tonn stein i året. Mesteparten blir eksportert ut til Europa.

Oljenedturen har ikkje hatt store følgjer her.

– Me spreiar oss på fleire marknadar, og den oljerelaterte marknaden har vore ein veldig liten del av totaleksporten vår, seier produksjonsdirektør i Norsk Stein, Odd Hotvedt.

Steinen som dei tidlegare selde til offshorenæringa, kan lett seljast til andre kundar, berre ved å endra pukkstørrelsen.

– Me har eit veldig fleksibelt anlegg, me kan produsera mange sortar, og me har stor kapasitet. Me kan omstilla oss veldig raskt.

Pukkverk i Suldal

På pukkverket på Jelsa blir det henta ut 10 millionar tonn med stein i året.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Fleire søker seg til Suldal

Medan andre bedrifter i Rogaland har måtta nedbemanna, har Norsk Stein tilsett fleire. Det har gjort det lettare å få tak i kvalifiserte arbeidskraft.

– Når me lyser ut stillingar, så ser me at det er ein større søkarmasse, og det er også fleire lokale søkarar enn tidlegare, fortel Hotvedt.

Odd Hotvedt

Odd Hotvedt er produksjonsdirektør i Norsk Stein.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

NAV har fått tilbakemelding om at dette er tilfelle hos fleire bedrifter i kommunen.

– Det er fleire søkarar, og det er også høgt kvalifiserte folk som søker, seier Kjellstad.

Kraftkommune nummer ein

Men det er ikkje berre stein suldølingane tenar pengar på, Suldal er også landets største kraftkommune, og no er store nye utbyggingar, og oppgraderingar i gong.

Inne på kraftstasjonen på Nesflaten heilt nord i Suldal, jobbar dei med å skifta ut ein over femti år gamal turbin.

– Vanlegvis er me 30 fast tilsette på Røldal-Suldal anlegga, men akkurat no har me eit større oppgraderingsprosjekt som går føre seg, og i periodar blir det talet i alle fall dobla, seier leiar for teknisk støtte ved Røldal-Suldal anlegga, Agnes Oppistov Lykkebø.

Agnes Lykkebø

Agnes Oppistov Lykkebø er leiar for teknisk støtte ved Røldal-Suldal anlegga.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Når oppgraderinga på dette anlegget er ferdig, vil det gi auka straumproduksjon, tilsvarande forbruket til 1350 husstandar. Men oppgraderinga stoppar ikkje her, for det er fleire anlegg i området som treng fornying.

– Så det blir forhåpentlegvis fleire prosjekt her etter kvart, seier Oppistov Lykkebø.

Og fleire arbeidsplassar?

– Det betyr masse arbeid.

Inne på kraftstasjonen på Neflaten

Oppgraderingsarbeid er i gong inne på kraftstasjonen på Nesflaten.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Turistar i ingenmannsland

Hydro sitt anlegg på Nesflaten blei bygd på 60-talet av arkitekten Geir Grung. Samstundes vart det også bygd eit hotell, og fleire bustadar, alt teikna av same arkitekten.

No har den unike arkitektturen blitt til eit turistmål. Og på hotellet, blir det satsa stort.

– Me er nok litt galne som satsar i ingenmannsland. Me har investert over tjue millionar totalt, seier dagleg leiar på Energihotellet, Olav Lindseth.

Olav Lindseth

Olav Lindseth er dagleg leiar ved Energihotellet på Nesflaten i Suldal.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Han har våga å bruka pengane på eit hotell langt frå dei store byane.
Og det har blitt ein suksess.

– Det har gått frå fem til femten tilsette på halvanna år. Det går med overskot, og me trur 2017 blir eit endå betre år enn 2016, som var eit rekordår, seier han.

Kraftstasjonen på Nesflaten

Kraftstasjonen på Nesflaten er teikna av arkitekten Geir Grung.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Trur næringa vil veksa

Turistar frå heile verda kjem til denne plassen, som ligg nær fire timar frå Stavanger, for å nyta eit stille landskap, og unik 60-talsarkitektur.

No vil han bygga ut hotellet ytterlegare, med mellom anna suitar, for å trekka til seg rike kinesiske turistane, som sett pris på rein luft.

Han trur reiseliv kan bli ei endå større næring her i framtida.

– Eg trur det berre vil halde fram med å veksa. Potensialet i Ryfylke er mykje større enn det ein har greidd å få ut, og det er også rom for fleire hotell og overnattingsstadar.

Håpar folk blir

På NAV-kontoret i Sand ser dei at det er fleire ledige stillingar som ligg ute. Og dei oppmodar rogalendingar som slit med å finna seg jobb, om å koma til kommunen.

– Det er ikkje slik at ein må flytta ut av fylket for å finna seg ein jobb, seier Kjellstad.

Utfordringa i Suldal har tidlegare vore å halda på folketalet. No står att det å sjå om veksten i kommunen, også kan få fleire til å bli verande.