Eli Nessa

MØTTE TRUMP: Under «Elites Look of the Year» 1991 møtte Eli Nessa nåverande president Donald Trump, han var vert og ein av dommarane i konkurransen der Nessa deltok som modell.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Var på Trump-fest som 17-åring: – Eldre menn sikla etter unge jenter

STAVANGER (NRK): Eli Nessa får frysningar når ho tenker tilbake på modell­konkurransen ho var med på i 1991. Donald Trump var vert og dommar.

Alt blir vurdert. Ikkje berre korleis du ser ut, men også korleis du oppfører deg.

Alltid.

Dette skal ha vore beskjeden 58 unge modellar frå heile verda fekk då dei kom til New York i september 1991. Dei skulle delta i den prestisjetunge konkurransen «Elites Look of the Year».

Ei av jentene var Eli Nessa frå Stavanger.

– Eg hadde nett blitt 17 år. I New York var alt annleis og eksotisk, så eg kjende meg som den bondejenta, fortel ho.

Eit lite år tidlegare hadde ho sendt inn bildet sitt til Se og Hør sin konkurransen «Årets fotofjes». 3000 norske jenter hadde gjort det same, men Nessa var ifølgje juryen den vakraste og mest fotogene.

Eli Nessa blei av Se og Hør kåra til «Årets fotofjes» 1990. Vert for finaleshowet var Jahn Teigen.

Eli Nessa blei av Se og Hør kåra til «Årets fotofjes» 1990.

Foto: Se og Hør / Faksimile fra nr. 49 i 1990

Førstepremie var tur til New York, der ho skulle representera Noreg i modellkonkurransen.

Det vil seia: Ho fekk berre bli med dersom ho klarte å gå ned sju kilo.

«Eg forstår ikkje kvifor eg skal vera så tynn. Berre skinn og bein, eg får heilt vondt», sa ho til Rogalands Avis 7. april 1991 under overskrifta «Sultes til suksess».

Sjølv om Nessa ikkje likte slankehysteri, forklarte ho til avisa at dette var ein sjanse ho følte ho måtte ta.

For Stavanger-jenta drøymde nemleg om ein modell-karriere, og i New York kunne ho knyta kontaktar med dei absolutt heitaste namna i bransjen.

Det var modellbyrået Elite som stod bak «Look of the Year», og dei hadde allereie superstjerner som Naomi Campbell og Cindy Crawford i stallen.

Så då 176 centimeter høge Eli Nessa sjekka inn på Plaza Hotel på Fifth Avenue i New York, hadde ho slanka seg ned til 57 kilo.

– Sjølv om eg følte meg litt på utsida, så var jo alt veldig spanande. Eg hugsar at nesten alt var dekt i gull, og at det var mange persiske teppe. Utanfor hotellet var det fleire vakter, seier Nessa.

Det var her, på Donald Trump sitt hotell, det aller meste skulle føregå.

Nessa hadde følgje av Inger Løno, som dreiv modellbyrå i Stavanger. Andre tenåringsjenter som kom til hotellet denne dagen, var aleine.

Det dei skulle vera med på var for mange den ultimate draumen, men for Nessa tok det ikkje lang tid før glansbildet rakna. Nå har det også kome alvorlege skuldingar om kva som skjedde under konkurransen i 1991 og 1992 då Trump var dommar og vert.

– Eit sirkus

Snart 30 år seinare, i leilegheita si i Stavanger, blar ho i albumet med bilde frå hausten 1991.

Her er det bilde av 17 år gamle Nessa saman med den gong 45 år gamle Donald Trump. På eit anna bilde er ho saman med illusjonisten David Copperfield.

Kjendis etter kjendis dukkar opp. Mange hadde ingenting med modellbransjen å gjera, men dei er der likevel.

– Det var eit sirkus med unge, flotte damer som opptredde, og gamle menn som såg på, seier ho.

Marla Maples, Donald Trump og Eli Nessa saman i 1991

Her er Eli Nessa (t.h.) saman med Donald Trump og Marla Maples som blei Trump si kone i 1993.

Den nedre aldersgrensa for å delta var 14 år, men Nessa meiner at det var yngre deltakarar også.

– Det var ei jente som var 12 år. Ho var eit barn.

– Kva tenker du om det?

– Eg kjenner eg får frysningar berre eg seier det. Eg var 17 år og langt frå den yngste. Heldigvis hadde eg med meg ein vaksen. Det var det ikkje alle som hadde.

Skuldingar om seksuelle overgrep

Nessa og fleire av dei andre unge modellane som deltok på «Look of The Year» har den siste tida valt å fortelja ope om korleis dei opplevde det.

Dei har blitt kontakta av journalistar som har ønska å retta eit kritisk søkelys på Donald Trump si rolle i modellkonkurransen.

All the President's Women: Donald Trump and the Making of a Preditor

I denne boka har Eli Nessa bidratt med historier frå modellkonkurransen ho var med på som 17-åring.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Resultatet har blitt ein omfattande artikkel i The Guardian, og boka «All the Presidents Women: Donald Trump and the Making of a Predator». Her er Nessa sine historier med.

– Bidraget mitt er bitte lite, men eg meiner likevel det er mi plikt å bidra. Samstundes forstår eg at nokon av dei som bur i USA kan vera redde for konsekvensar dersom dei deltar i dette arbeidet.

For i artikkelen kjem det skuldingar om at mektige menn skal ha utnytta konkurransen til å ha sex med unge sårbare modellar.

Det kjem skuldingar om seksuell trakassering, utnytting av tenåringar og upassande oppførsel.

Ingen av dei mest alvorlege skuldingane er retta mot Donald Trump, og ingen av skuldingane kjem frå Nessa. Ho seier at ho berre har delt det ho opplevde, slik at journalistane kunne danna seg eit best mogleg bilde av det som skjedde i desse dagane.

Ho meiner det er viktig å stilla spørsmål ved presidenten si rolle i «Look of the Year», og seinare i andre missekonkurransar som han blei eigar av.

Kjende på ubehag

Tilbake til resepsjonen på The Plaza i New York september 1991. Nessa fekk rom nummer 551, som ho skulle dela med den danske og den tyske deltakaren.

– Eg fekk eit veldig bra forhold med romveninnene mine. Men me hadde ei kjensle av at me måtte passa på kvarandre, noko som eigentleg er litt rart, seier Nessa.

I løpet av helga skulle dei unge jentene gjennom ulike arrangement. Men kva det var, visste dei ikkje alltid heilt.

Det kom nokon og sa kor dei skulle vera og kva dei skulle ha på seg. Det kunne vera badedrakt i festsalen, laus t-skjorte til «photo shoot» i Central Park eller kort kjole på yachten til Donald Trump.

Eli Nessa hadde nett blitt 17 år då ho representerte Noreg i Look of The Year-konkurransen i New York i 1991

Her er bilder som blei tatt av Eli Nessa i New York. Alle er frå hennar eigen album.

Eli Nessa i New York

Her er bilder som blei tatt av Eli Nessa i New York. Alle er frå hennar eigen album.

Eli Nessa i New York

Her er bilder som blei tatt av Eli Nessa i New York. Alle er frå hennar eigen album.

Eli Nessa i New York

Her er bilder som blei tatt av Eli Nessa i New York. Alle er frå hennar eigen album.

Eli Nessa i New York

Her er bilder som blei tatt av Eli Nessa i New York. Alle er frå hennar eigen album.

På ein video, som The Guardian-journalistane har sett, snakkar sjefen for Elite, John Casablanca, til jentene. Han forklarer dei kva dei blir vurderte på.

Korleis dei ser ut, måten dei oppfører seg på, haldninga, personlegdommen og viljen til samarbeid. Alt dette er avgjerande for kven som blir nummer ein.

– Det var ei klar oppfatning av at me var lågt nede på stigen, og at me måtte følgja krava som blei stilt til oss i alle ledd. Du bestemde ingenting sjølv, seier Nessa.

I dommarpanelet på ti personar sat altså den gong 45 år gamle Donald Trump, som også eigde hotellet der alt føregjekk.

Han skulle vera med på å bestemma kven av dei 58 jentene som skulle få hovudgevinsten: Ein kontrakt med Elite Model Managment til ein svimlande verdi av 150.000 dollar.

Nessa fortel at Trump nesten alltid var til stades. Ofte saman med dottera si Ivanka, og Marla Marples, som seinare blei kona hans.

– Eg helste på han og snakka litt med han, men det var ingen av oss som sette seg ned og hadde djupe samtalar med han. Han kom og gjekk litt, men var nesten alltid til stades på det som skjedde, fortel ho.

Uannonserte garderobebesøk

Nokre av jentene som har uttalt seg i boka fortel at Donald Trump kom på uannonserte besøk i garderobane der dei skifta klede.

Stacy Wilks frå USA var 16 år, og har fortalt at det var som om Trump alltid fann ein grunn til å koma inn i der tenåringane skifta klede, for «å sjekka om alle var klare».

Det kvite hus skriv til avisa at Trump på det sterkaste nektar for å ha oppført seg upassande ovanfor nokon deltakar i «Look of the Year».

Nessa trur på garderobe-historiene, men hugsar dei ikkje sjølv. Det ho hugsar best er badedraktkonkurransen.

For henne var dette det mest audmjukande.

– Du gjekk i badedrakt mellom påkledde menn som vurderte deg. Eg trur ikkje dei var spesielt opptatt av badedraktmote. Det er jo heilt sinnssjukt, fortel ho.

Dette bilde er frå badedrakt-konkurransen i 1991. Bilde har The Guardian henta ut frå tidlegare upubliserte TV-opptak som blei gjort.

Dette bilde er frå badedrakt-konkurransen i 1991. Bilde har The Guardian henta ut frå tidlegare upubliserte TV-opptak som blei gjort. (Bilde er brukt med løyve frå The Guardian)

Foto: The Guardian / Skjermdump

Festen på yachten til Trump, «The Spirit of New York», sit også fast hos Nessa.

Her måtte deltakarane mellom anna bli med på privatvising for dommarane, inkludert Trump. Elles skulle jentene, som var kledde i korte kjolar eller miniskjørt, mingla og dansa.

– Du skal leva opp til ein illusjon som du ikkje føler har noko med deg å gjera. Det er uinteressant kven du er. Du skal leva opp til ein fantasiperson, og du er så ung at du ikkje har bygd deg opp dei erfaringane du treng for å handsama det, seier Nessa.

Ho reagerte på at mennene på båten ofte ikkje hadde ein profesjonell link til bransjen. Og at det ofte var ein aldersforskjell på 30 år mellom mennene og jentene.

– Du såg eldre menn som sikla etter unge jenter, fortel ho om festen på båten.

Donald Trump saman med modellar under Elites Look of the Year 1991 - Eli Nessa er ikkje på dette bildet - bildet er tatt frå boka All the President's Women: Donald Trump and the Making of a Predator

I eit bilde frå boka poserer Donald Trump saman med fleire av modellane som var med i konkurransen.

Plukka ut jenter til lukka festar

Ubehaget gjorde at Nessa valde å trekka seg unna. Bli meir usynleg, som ho seier.

Ho var lite deltakande, og sjølv om ho trur det kan ha vore årsak til at ho ikkje nådde opp i konkurransen, tenker ho i dag at dette var eit bra val.

– Det eg ikkje visste då, men har forstått etterpå, er at det var ein del festar som var meir lukka enn dei eg var ein del av. Det blei plukka ut jenter som fekk vera med, fortel ho.

På desse festane seier ho at det skal ha skjedd overtramp mot jentene. Ho er spesielt uroa for dei som reiste utan verje og ikkje snakka spesielt bra engelsk.

– Sjølv har eg ikkje høyrt skuldingar om valdtekt frå dei eg var saman med i 1991, men om menn som gjekk langt over grensa, seier Nessa.

Den einaste domfelte som blir omtalt i artikkelen er David Weil frå selskapet Star Capital Managment. Han sa seg i 1998 skuldig i valdtekt av ei 15 år gamal jente som han møtte under «Look of The Year» i 1992.

Sjefen for Elite, John Casablanca, har også fått alvorlege anklar mot seg i samanheng med konkurransen.

I 2003 blei likevel eit privat søksmål om gjentakande seksuelt misbruk av jenter ned i 14-årsalderen avvist av retten i Los Angeles. Årsaka var at Casablanca ikkje budde i California, der saka blei meld. Advokaten til Casablanca uttalte at det ikkje var grunnlag for skuldingane.

Det er likevel eit faktum at Casablanca i 1993 gifta seg med 17 år gamle Aline Wermelinger, som han møtte første gong under «Look of the Year» 1992. Sjølv var han 51 då dei gifta seg.

Til The Guardian svarar Donald Trump sine representantar på kva Trump visste om sine samarbeidspartnarar.

Dei seier at Trump på det sterkaste nektar at han hadde kjennskap til at Casablanca visstnok skulle ha hatt seksuelle forhold med «Look of the Year»-deltakarar, inkludert dei som var mindreårige, eller at Casablanca skal ha latt andre utnytta eller misbruka tenåringsmodellar.

Eli Nessa ser i fotoalbumet sitt der ho har fleire bilde frå modellkarrieren sin

I dag får Eli Nessa frysingar når ho tenker tilbake på modellkonkurransen ho var med på i 1991.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Bransjen har endra seg

Eivor Øvrebø blir snart 74 år. Ho har 55 år bak seg i modellbransjen, og jobbar der framleis. Ho driv Team Models, eit av dei største byråa i Noreg, med modellar som stort sett er mellom 17 og 25 år.

Ho seier at bransjen har endra seg sidan 1991, då Nessa var i New York. Endringane har kome på grunn av verdiar og haldningar nye generasjonar modellar har tatt med inn i bransjen, ifølgje Øvrebø. Men sidan modellar jobbar over heile verda, så vil dei framleis oppleva at ulike kulturar kan ha ulike kvinnesyn.

Sjølv fortel ho at Team samarbeider tett med foreldra til modellane, og at ingen mindreårige får reisa ut på oppdrag aleine.

Men ho er også open om at dei må tola litt. Alle får same beskjed:

– Du må tola at folk kikkar og sender deg blikk, men dersom dei tar på deg så skal du smekka dei over fingrane, eller slå dei i ansiktet, seier Øvrebø.

Ho innrømmer at nokon tilstellingar kan bera preg av menn som siklar etter unge jenter. Ho har likevel ei anna tilnærming til temaet enn Nessa.

– Menn er menn, og jenter er jenter. Vaksne menn vil alltid sikla etter unge jenter. Men me håper jo at utviklinga hos menn går i riktig retning, dei bør jo også følge med i tida, seier ho og legg til at modellane også må vera klar over at kroppen deira er ein viktig del av det å vera modell.

Gjennom alle åra hennar i bransjen er ho godt kjend med påstandar om seksuell trakassering frå sentrale menn. Det som har kome av skuldingar mot nå avdøde John Casablanca i Elite Models ser ho på som rykte, så lenge ho ikkje har sett prov for noko anna.

Likevel. Ho vil ikkje at modellane hennar skal vera i tvil om kva dei skal gjera dersom dei opplever overgrep.

– Dersom ein modell i Team fortel at ho eller han har opplevd å bli valdtatt, klødd eller tafsa på, så skal eg sjølvsagt tru på det. Eg vil raskt ta tak i den personen som gjer det, seier Øvrebø.

Elddåp i bransjen

Sjølv om Nessa ikkje var vitne til upassande handlingar mot jenter, hadde ho ei kjensle av at det var noko som skurra. Noko som ikkje heilt tolte dagens lys.

Men det var vanskeleg å vita kva ein skulle gjera med denne kjensla.

– Eg blei introdusert inn i ei verd eg ikkje visste eksisterte, og eg blei litt blenda.

Ho forklarer det som ei kjensle av å bli spunnen inn i noko, og sjølv om du tenker at det ikkje er greitt, så veit du ikkje heilt korleis du kjem seg ut av det.

Og det skulle visa seg at erfaringa frå «Look of the Year» ikkje var unik.

– Dette var ein elddåp i bransjen. Eg satsa vidare i Italia, og opplevde eigentleg mykje av det same der. Skilnaden var at det som skjedde i New York var på eit høgare nivå, med større stjerner.

I New York lærte ho at ein burde vera audmjuk og villig til å skrota eigne verdiar om ein ville nå langt i bransjen.

Denne lærdommen tok ho tydelegvis ikkje til seg. For i intervjuet med Se og Hør, rett etter New York-turen, er ho trygg på eigne verdiar.

Her slår ho fast at ho ikkje vil la andre menneske bestemma over seg, og at ho skal styra unna slankehysteri og narkotika. Det viktigaste er ikkje modellkarrieren, men å ha det godt med familie og vennar.

Se og Hør nr. 40 1991
Foto: Faksimile frå Se og Hør nr. 40 1991

Vil ha fram sanninga

Det er lenge sidan Eli Nessa la opp som modell nå. I dag jobbar ho med byutvikling i Stavanger aust, som dagleg leiar i selskapet Urban sjøfront.

Ho er politisk interessert, og er vararepresentant i Fylkestinget for Rogaland Arbeidarparti. Systera hennar er Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun.

Det er med stor spenning ho i haust skal følgja med på valet i USA. Og det er ikkje Donald Trump ho heier på.

– Det er heilt absurd at verdas mektigaste mann er Donald Trump. Det er sånn at ein må klypa seg i armen, seier ho.

Kvinnesynet til Trump ein av grunnane til at ho meiner dette. Ho håper at boka og artikkelen ho har vore med på kan gi eit meir utfyllande bilde av korleis Trump ser på kvinner.

Ho har eit ørlite håp om at det kan føra til at ein og annan amerikansk veljar snur ryggen til han ved valet i haust. Men dette håpet er ikkje spesielt stort, sidan ho ikkje trur at kvinnesyn er det Trump-veljarane er mest opptatt av.

Uansett meiner ho at openheit rundt modellbransjen, med eller utan Trump, er bra.

For sjølv om ho opplever at bransjen til ei viss grad har blitt meir profesjonell nå, minner ho om at han alltid vil ha eit element av «kjøtmarknad» i seg.