Barn er med på saueslakt på Jærmuseet
Foto: Mathias Oppedal / NRK

Blodig alvor med matkunnskap

– Nokon trur at sjokolademjølka kjem rett frå spenen, seier Bjørg Sandve ved Jærmuseet. Ho går langt for at foreldre, barn og unge skal læra meir om maten si reise frå jord til bord.

Midt ute på flataste Jæren står to menn kledd i gul vest på ein grusplass like ved Jærmuseet på Nærbø. Dei to gulkledde skal gjera noko av det sjeldnaste ein driv med her ute; trafikkdirigering. Det er sundag morgon og førebels heilt stille, men snart er det venta storinnrykk av bilar.

– Dette er ein av dei dagane i året det kjem aller flest folk. Dei kjem både frå by og land, fortel Bjørg Sandve som jobbar på Jærmuseet.

Ho har ansvar for alt som skal skje i dag, og har mykje i hovudet akkurat nå.

Om slaktaren er i rute, om sperrebanda som skal halda barna på trygg avstand er oppe og om det er liv i mikrofonen hennar? Alt må vera på plass til dagens hovudattraksjon: Framsyninga av ein levande sau som skal klippast, slaktast, tappast for blod og til slutt tømmast for innvolar.

Brenn for formidling

– Me vil at folk skal vera klar over jobben ein bonde legg ned for at me skal få mat på bordet, og det er også viktig at barn forstår grunnleggjande ting som at me må slakta ein sau for å få pinnekjøt til jul, eller fårikål nå om hausten, seier Sandve.

Bjørg Sandve

For Bjørg Sandve, kunnskapsformidlar ved Jærmuseet, er det viktig at alle kjenner til den jobben norske bønder gjer for at me skal få mat på borda våre.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ho meiner kunnskapsformidlinga dei driv med er svært viktig, for ifølgje henne finst mange barn og unge som er heilt uvitande om korleis matproduksjonen i det norske landbruket føregår. Ho må ikkje tenka seg lenge om for å finna skrekkeksempela.

– Det hender av og til at barn spør oss kva type mjølk det er i dei ulike spenane til kua. Dei trur at det er ei spene for sjokolademjølk, ei for jordbærmjølk, ei for skumma og ein for vanleg, fortel ho.

Ho ler ikkje. Dette er alvor.

Gledelege trendar

Til Sandve si store glede, blir likevel kunnskap om mat meir og meir viktig for nordmenn. Ifølgje Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) er spesielt dagens foreldre opptekne av at barna skal kjenna opphavet til maten dei et.

Annechen Bugge

Forskar Annechen Bugge ved SIFO er ikkje overraska over at barn og foreldre strøymer til Jærmuseet når ein sau skal slaktast. Forbrukarane er nemleg meir opptekne enn nokon gong av at ein skal kjenna historia til maten ein puttar i seg.

Foto: Dang Trinh / NRK

– Folk er på jakt etter det opphavlege og ekte. Dette gir utslag i ei aukande interesse for tradisjonelle teknikkar, biografien til matproduktet og at du er med på å støtta den lokale bonden når du kjøper maten, seier forskar Annechen Bahr Bugge frå SIFO.

Ifølgje tal ho sit på, er ferdigmat noko av det me er mest skeptiske til når me er i butikken. Bugge meiner at dei som sel mat i stor grad har teke dei nye trendene innover seg.

– Når du ser på emballasjen, er det ofte bilete av levande dyr og norske flag. Om du går på restaurant og ser i menyen, er det nærmast som ein geografitime. Det står ikkje lengre berre reinsdyrsteik. Du skal vita kor reinsdyret kjem frå, og opphavet til dei ulike andre ingrediensane i maten.

Ho er derfor ikkje overraska over at saueslakt betyr parkeringskaos på Jærmuseet.

– Ei av årsakene til at me i større grad jaktar det opphavlege og ekte, kan vera at mange av oss har stillesitjande og mentale arbeidsoppgåver. Derfor blir til dømes mat ein viktig del av fritida vår. Det viser seg gjennom matbloggar og populære program på TV.

Barn leiker med sauehovud

NYSGJERRIGE PÅ SKROTTEN: Etter sauen var slakta fekk barna kjenna på hovudet til sauen og alle innvollane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Test: Kva kan ungdom og barn om bondeyrket og kor maten kjem frå?

NRK har gjort ein uoffisiell kunnskapstest av folk på gata i Stavanger. Veit dei kva ein skurtreskar er? Eller kva dyr surmjølka kjem frå?

KUNNSKAPSTEST: Katrine Gran (16) og Ingrid Galta (16) frå Stavanger var to av dei som blei med i NRK si uoffisielle utspørjing om mat og bondeyrket. Alt i alt hadde dei fleste god kontroll, sjølv om dei på nokre spørsmål blei vippa litt av pinnen. For fasit, sjå faktaboks.

Slakt

På museet på Nærbø har den årlege slaktedagen blitt meir og meir populær. Denne sundagen har det samla seg godt over 300 personar rundt den provisoriske scena, som er sett opp ute på gardstunet ved museet.

Bjørg Sandve er klar, og tek på seg mikrofonen.

– Først må eg koma med ei streng melding til alle foreldre. Ikkje eit barn skal leggja seg i kveld utan å få svar på alle spørsmål dei måtte ha om kvifor me gjorde det som me nå skal gjera. De må svara dei på absolutt alle spørsmåla dei har, seier Sandve før ein flott kvit sau blir leia inn på scena.

Ein profesjonell klippar går i gang med å skrella sauen i rekordfart til publikums store glede. Då den nakne sauen står att på scena, og klipparen har fjerna ulla så blir stemninga brått meir alvorleg.

To eldre røynde menn tek over sauen medan Sandve syner fram ein slags pistol for publikum. Ho forklarar korleis den fungerer, og gir den til den eine mannen. Kort tid etter ligg sauen på bakken medan blodet flyt utover scena.

I publikum kan ein høyra nokre barn som græt, men dei fleste er i djup konsentrasjon og følgjer nøye med på det som skjer vidare.

Sjå video av saueslaktinga på Jærmuseet

På Jærmuseet på Nærbø får barn, unge og vaksne sjå slakteprosessen på nært hald.

SLAKT: På Jærmuseet får barn og ungar kvart år høve til å sjå ein sau bli slakta på nært hald. Etterpå får dei ta og kjenna på innvolar og sauehovudet.

Nysgjerrige på innvolar

Den daude sauen blir plassert på rygg på eit stativ. Slaktaren stikk ein kniv inn i strupa slik at blodet renn ned i ei bøtte. Sandve tek bøtta og syner den fram for publikum.

Etterpå blir sauen heist opp med ein gaffeltruck. Det blir plassert ei trillebår under sauen. Så sprettar slaktaren opp magen, og alle innvolane veltar ned i trillebåra. Sandve finn fram levra og lat barna få ta og kjenna på den.

– Er det nokon her som liker leverpostei? Dette er ei lever, og det må me ha for å laga leverpostei, seier ho medan barna flokkar seg rundt henne og vil sjå levra på nært hald.

Showet blir avslutta med at hovudet på sauen blir kutta av. Alle innvolane og hovudet blir plassert inne på eit bord på museet, slik at alle i tur og orden kan få ein nærare kikk.

Sunne matvanar

At barn og unge får kunnskap om kor maten kjem frå er viktig også av helsemessige årsaker, meiner Kristine Svartebekk Myhrer, som er prosjektleiar ved matforskingsinstituttet Nofima. Ho har forska på effekten opplæringa ved Geitmyra matkultursenter i Oslo har på barn.

På lik linje med Jærmuseet driv Geitmyra med dagleg undervisning om matopphav, dyrking, smak og matlaging.

– Kunnskap om mat er viktig for at me skal ta sunne og riktige val når me skal eta. Derfor er det viktig at det blir eit større fokus på barn si haldning til mat og helse. Matlaging og råvarekunnskap er lite prioritert i grunnskulen, og konklusjonen frå masteroppgåva mi er at den type undervisning som til dømes Geitmyra tilbyr, aukar kunnskapen, og gir elevane meir positive haldningar og opplevingar til mat, seier ho.

Ho meiner derfor at det også er svært viktig at foreldra tek eit ansvar.

– Me veit at matpreferansar og setevanar som blir danna i barndommen påverkar kosthaldet som vaksne. Ved at barn og unge får ta del i familien si matlaging aukar kunnskapen om smak, råvarer og sunnheit.

Barn ser på saueinnvollar

Varme innvollar blir inspisert av barna.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Spanande å sjå på

Inne på Jærmuseet har nå alle barna samla seg rundt bordet med alle innvolane og sauehovudet.

Med hanskar på klemmar dei på augo, og stryk på tarmane.

Ei av desse er seks år gamle Lisa Alvern frå Lye. Ho synst at dagen har vore topp.

– Det var veldig spanande å sjå på, seier ho med eit stort glis.

Storebroren var ikkje like begeistra. Han ville ikkje sjå på slaktinga.

– Dei får sjølv bestemma om dei vil sjå eller ikkje, men eg vil i alle fall gi dei moglegheita til å vera med på dette. Eg synst det er eit flott opplegg med mykje å læra, forklarar mora til Lisa.

Sandve har fått vaska hendene sine reine for blod, og kan slappa av.

– Eg er alltid litt nervøs når me skal gjera desse tinga, men det gjekk skikkeleg bra i dag. Eg plar ikkje skrøyta, men i dag synst eg at eg var god, seier ho nøgd.

Ho er nå vel vitande om at alle som såg på showet hennar ikkje berre veit at ein må knusa egg for å få ein omelett, men også at du må slå i hel ein sau for å få ei kotelett.