Erlend og Tale sin elsykkel

Musikarparet Erlend Egeberg Aasland og Tale Egeberg Aasland har på det meste hatt meir enn ti instrument i den nye «bandbussen» sin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den nye stasjonsvogna

Den blir brukt som bandbuss, rullestol og fraktevogn. Stadig fleire får augo opp for den elektriske lastesykkelen.

– Me fekk sykkelen spesielt tilpassa. Det var eit minstekrav at det skulle vera plass til ein Fender hardcase, seier Erlend Egeberg Aasland.

Eg gjer det ikkje for å demonstrera at eg er miljøvenleg. Eg gjer det fordi det er så forbaska praktisk!

Geir Anders Rybakken Ørslien
Erlend og Tale

BLUEBIRD'S GHOST: Erlend Egeberg Aasland og Tale Egeberg Aasland jobbar begge som ingeniørar, men er musikarar på deltid. Dei har mellom anna bandet Bluebird's Ghost saman. Dei har på det meste hatt ni instrument i den nye «bandbussen» sin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

På vanleg norsk vil det sei at det er plass til ein gitarkasse i den grøne boksen på sykkelen, som han er i full gang med å lessa oppi saman med kona Tale Egeberg Aasland. Ein pedal steel på 25 kilo, ein cavaquinho, ein mandolin, fleire mikrofonar, stativ og ein forsterkar. Alt går inni kassen på sykkelen som står parkert like utanfor blokka der dei bur på grensa mellom Stavanger og Sandnes.

Dei er begge musikarar og har eit stort behov for å flytta på instrument. Anten dei spelar saman i tomannsbandet «Bluebird's Ghost», eller dei spelar kvar for seg i tallause andre prosjekt.

Etter at dei fekk sykkelen i sommar, har den blitt deira føretrekte bandbuss, og som med bandbussar flest, har også denne fått eit namn: «Ghost mobile».

– Me får veldig mykje bra respons når me kjem syklande med «Ghost mobile» til konsertar eller øvingar. Mange spør oss ut om sykkelen og er overraska over alt det me får i den. Mange trekk på smilebandet, fortel Tale.

Erlend skyt inn ei lita presisering:

– «Ghost mobile» er forresten ikkje det offisielle namnet på sykkelen. Men Tale kallar den alltid det, seier han og smiler.

Dei er ferdige med å pakka sykkelen. Lokket blir lukka. Hjelmane blir knipsa fast under haka. Dei syklar nærmast lydlaust av garde til dagens konsert i det gamle kinobygget KinoKino.

Kanskje er det Norges mest miljøvenlege band som glir nedover mot Sandnes sentrum.

God på manøvrering

Dei er begge musikarar og har eit stort behov for å flytta på instrument. Anten dei spelar saman i tomannsbandet «Bluebird's Ghost», eller dei spelar kvar for seg i tallause andre prosjekt.

VIDEO: Slik ser det ut når Bluebird's Ghost skal på konsert.

Ei nyoppdaging

Geir Anders Rybakken Ørslien

Geir Anders Rybakken er frilansjournalist, fotograf, sykkelbloggar og trebarnsfar. Lastesykkelen hans er bil nummer to.

Foto: transportsykkel.no

– Sykkel med kasse, eller lastesykkelen, var veldig populær før krigen. For alle yrkesgrupper. Etter krigen fekk folk bil, og lastesykkelen blei erstatta med laste- og varebil. Her i Norge blei sykkelen redusert til noko som var for fattige, for sportsfolk eller til hyttekos.

Det er sykkelbloggar, frilansjournalist og fotograf Geir Anders Rybakken Ørslien som dreg oss raskt gjennom historia til lastesykkelen, eller transportsykkelen, som den også blir kalla.

Nå er han svært glad for det han meiner er ein renessanse for sykkel med kasse eller sidevogn.

– Når me nå har fått elektriske motorar på syklane, ser me at lastesykkelen er på veg tilbake i full fart. Den har blitt eit reelt alternativ til bilen. Salsauken er markant, sjølv om volumet framleis er lite, seier han.

Når ein får plass til tre barn, tre skulesekkar og to handleposar i sykkelen utan å bli sveitt i oppoverbakkane, så har sykkelen blitt som ei stasjonsvogn for han. Utan kø. I tillegg har sykkelen blitt uunnverleg i jobben. Når han til dømes er ute på fotooppdrag i Oslo by.

– Lastesykkel med elmotor vinn suverent over bilen. Eg slepp unna kø og leiting etter parkeringsplass. Eg kan sykla rett til inngangsdøra, og eg kan koma i vanlege klede utan å vera sveitt, seier han.

Geir Anders sin sykkel

TIL FAMILIE OG JOBB: Geir Anders Rybakken Ørslien (oppe til venstre) frå Oslo bloggar om transportsykkelen sin. Han kjøpte den for tre år sidan og monterte på elmotor for eitt år sidan.

Foto: transportsykkel.no

Og sykkelvalet hans kjem ikkje åleine frå idealisme.

– Eg gjer det ikkje for å demonstrera at eg er miljøvenleg. Eg gjer det fordi det er så forbaska praktisk!

Video: Her kan du sjå at kreative måtar å få med seg barn på sykkel er gamalt. Det nye er at du ikkje treng streva så fælt med å dra tungt lass.

Eit plussprosjekt

«Ghost mobile» rullar stødig nedover mot byen. Erlend sit ved styret, medan Tale syklar like bak på ein vanleg sykkel. Det er ettermiddag og ein god del bilar på vegen.

– Eg merka jo at når me hadde bil, brukte me den også i utrengsmål, seier Tale, som ikkje har lappen uansett.

Erlend fortel om då han fekk ideen til den originale bandbussen. Den kom då det blei klart at bilen deira ikkje gjekk gjennom EU-kontrollen. Valet stod mellom ny bil eller ny sykkel.

– Det var ein kamerat av meg som hadde ein liknande doning. Han hadde barn i den, så eg tenkte at det måtte gå an å ha instrument. Eg sende førespurnad til ein del firma som importerer syklar, og gjekk for dei som verka mest seriøse, fortel han.

For Tale og Erlend vog dei miljømessige omsyna svært tungt då bilen blei bytta ut. Men begge to er utdanna ingeniørar og er gode på rekning. Og dei har rekna mykje på kva dei sparer med elsykkel.

– Me får brukt sykkelen på alt av spelejobbar som skjer i nærområdet, og på øvingar, fortel Erlend.

Han har ein applikasjon på mobilen, som registrerer kilometrane han syklar. Dei kan han så føra av på skatten.

– Me kjøpte sykkelen i sommar for litt over 30.000 kroner. Denne summen har me allereie spart inn på å kvitta oss med bilen, seier Erlend nøgd.

– Kulare enn buss og bil

Børesvingen barnehage

BARNEHAGEGLEDE: Børesvingen barnehage fekk først to syklar med plass til fire barn. Nå har dei ein med plass til fire og ein med plass til seks. Altså ti totalt.

Foto: Børesvingen barnehage

I Stavanger har også kommunen fått opp augo for den elektriske transportsykkelen, og gjennom satsinga «Sykkelløftet» fekk mellom anna Børesvingen barnehage på Hundvåg to syklar tidlegare i år.

I desse to får dei plass til ti barn i kassane som sit fremst på sykkelen. Ifølgje pedagogisk medarbeidar Ole Anders Smith, har syklane gjort barnehagekvardagen mykje kjekkare, både for barna og for dei tilsette.

– Du ser gleda i augo på barna når du dreg fram sykkelen. Dei synst det er skikkeleg show og meir kult enn både buss og bil. Så når syklane kjem fram, blir det fort krangel om kven det er som skal på tur, forklarer han.

Tidlegare var barnehagen avhengig av å bestilla buss eller taxi dersom dei skulle på utflukt. Med mindre dei skulle til område som låg i gåavstand.

Elsykkel i barnehage

Ole Anders Smith i Børesvingen barnehage på sykkeltur med mellom anna Viktoria Knudsen Alne og William Helgaland.

Foto: Børesvingen barnehage

– Me bruker mindre tid på logistikk nå, og barna får oppleva mykje meir på veg til destinasjonen, forklarer han.

Nå vurderer også andre barnehagar å gå til innkjøp av same type sykkel.

– Det er mange barnehagar som er avundsjuke på oss, og det forstår eg godt. Eg veit at det finst dei som vurderar å gå til innkjøp av eigne syklar. Noko i alle fall eg kan tilråda på det varmaste, seier han.

Sjukeheimssykkelen

Også Tasta sjukeheim har fått elsyklar gjennom det same prosjektet i Stavanger kommune. Dette er ein variant med to sete fremst på sykkelen. To og to bebuarar kan nå få lange lufteturar av ein pleiar, som sit ved styret.

– Me kjem oss ut så ofte me kan på denne sykkelen, og me syklar der vegen tek oss. Dersom me ser noko me vil utforska, så gjer me berre det, seier Ingebjørg Bjelland, som bur på sjukeheimen.

Ho sit ved sida av Kåre Finnesand. Dei syng medan hjelpepleiar Elizabeth Torsvik Nilsen syklar dei rundt.

– Det er veldig kjekt for oss også. Me kjem oss mykje meir ut, seier Torsvik Nilsen.

Ingebjørg tek over ordet.

– Me hadde ikkje hatt sjanse til å koma oss ut slik, hadde det ikkje vore for denne sykkelen. Her får du sitja med føtene i ro, og me kjem plassar me ikkje ville kome viss ikkje. Det er heilt fantastisk seier Bjelland.

Pleiaren smiler og nikkar.

– Dei blir lukkelege av sykkelen, og då blir me som jobbar her også blide, seier ho.

Gamle på sykkel

VIDEO: Ingebjørg Bjelland og Kåre Finnesand liker godt å bli sykla rundt på Tasta sjukeheim. Det kan du sjå her.

Posten i front

Musikarane, barnehagen, fotografen, sjukeheimen og også nasjonalmuseet i Oslo har nyleg bytta ut varebilar med lastesyklar. Lista er lang, og blir stadig lengre. Likevel er det kanskje ved henting og levering av pakkar at sykkelen blir brukt aller best.

Derfor er det kanskje naturleg at Posten Norge var svært tidleg ute med å byta ut delar av bilparken sin med elektriske køyretøy. Dei starta i 2009 og i dag har dei Norges største park av el-køyretøy, med mellom anna 200 eltraller, 300 elmopedar, 300 elpaxtere (ein slags golfbil) og 500 elbilar.

Målet deira er å levera posten CO₂-fritt.

– Me jobbar steg for steg mot dette målet. I løpet av neste år skal me bytta ut 1250 nye fossile køyretøy med elkøyretøy. I løpet av 2015 vil me ha CO₂-fri postlevering i 20 byar. Neste år følger me opp med 20 nye byar, seier konserndirektør for kommunikasjon i Posten, Elisabeth H. Gjølme.

Dette er noko som i tillegg til å vera bra for miljøet, er med på å gi Posten eit bra omdøme, trur Gjølme. Ho trur også at det får ein smitteeffekt på andre.

– Me trur at mange vil følgja etter og sjå at elkøyretøy er eit godt alternativ og viktig for klimaet, seier ho.

LIFE NETHERLANDS BICYCLES

NEDERLAND: I Utrecht i Nederland har lastesyklar lenge vore populært. Bilete er frå 2006 då eit knippe designarar frå Danmark og Nedarland designa nye lastesyklar for familiebruk i det moderne byliv.

Foto: MICHAEL KOOREN / REUTERS

Ein revolusjon på trappene

Det store potensialet for transportsykkelen sin tilbakekomst ligg likevel hos dei som dagleg brukar bilen sin til henting og levering av barn i urbane strok. Det trur i alle fall Geir Anders Rybakken Ørslien, som synst utviklinga er svært gledeleg.

– Det blir i dag seld 350.000 nye syklar kvart år. Om lag 10.000 av desse er el-syklar, og ein liten del av desse er elektriske lastesyklar, forklarer han.

Det som likevel gjer at han ser lyst på framtida, er at auken i salet har vore stor, og at han ser ein smitteeffekt. Folk ser andre som har transportsykkel, og vil derfor ha sjølv. Han kallar det den nye stasjonsvogna.

– Ein einmannssykkel er som ein sportsbil. God til sitt bruk, som er å få ein person frå A til B. Den elektriske transportsykkelen er meir som ei stasjonsvogn, der ein også kan transportera barn og utstyr, seier han.

Han trur det er like før det tek heilt av.

– Elsykkelen generelt vil koma til å revolusjonera trafikken i byane. Det er for mykje kø, kork, eksos og frustrasjon. Elsyklane er ei løysing ein vil sjå mykje meir til i åra som kjem. Det ser ein til dømes i Nederland.

Og hans personlege grunnar:

– For meg handlar dette også veldig mykje om kvardagsglede og trivsel. Eg blir blidare, barna som sit på, blir blidare, og me ser alt på ein annan måte.

– Me blir betre musikarar

Erlend og Tale parkerer syklane like ved inngangsdøra til konsertlokalet. Det er lydsjekk, og dei er heilt på tida.

På berre fem minutt er instrumenta frakta frå kassen til scena. Dei andre som skal spela, kom i kassebil.

– Kanskje nødvendig med tanke på at dei skulle ha med ein kontrabass, seier Erlend spøkjefullt.

Han set seg ned ved pedalsteelen. Lydmannen skrur, Erlend spelar, og Tale lyttar kritisk. Litt mindre klang.

Når lyden sit, har dei god tid til å snakka meir om det nye favorittkøyretøyet sitt.

– Men kva er dei negative sidene med den nye bandbussen dykkar?

– Rekkevidd, tid og bratte bakkar, seier Tale kontant.

– Du har jo motor, men den tek ikkje alt. Har du lasta sykkelen veldig tungt, merkar ein det i bratte bakkar, utdjupar Erlend.

På det meste hadde dei med seg ni instrument.

– Det var studioinnspeling på Ullandhaug. Tre gitarar, ein banjo, ei autoharpe, ei sag, ein tamburin, ein mandolin og ein cavaquinho. Me reiste klokka åtte, altså midt i rushtida, og brukte mindre tid enn det bilane brukte. Det var null stress, seier Tale.

– Blir de betre musikarar av å sykla elsykkel?

– Ja, eigentleg så gjer me det. For me får god kondisjon av det. All trening er bra for oss som er musikarar, seier Tale. Erlend nikkar.

Ghost mobile

KONSERT: «Ghost mobile» parkert utanfor KinoKino der kveldens konsert skal skje.

Foto: Mathias Oppedal / NRK