WWF kritisk til haifangst

Håkjerringa er ein trua og sårbar haiart. - Ingen positiv sport å fanga den, meiner WWF i Norge.

Håkjerring på 880 kilo

Håkjerring på 880 kilo

Foto: Jan Erik Skarholm

Håkjerringa er ein av åtte haiartar som held til i norske farvatn. - Det er veldig sjeldan at den blir fanga og registrert og det er grunn til å tru at den er ein trua art. Det seier fagsjef i naturvernorganisasjonen WWF, Nina Jensen.

Mange reaksjonar

På NRK.no sine nettsider har det kome mange og harde reaksjonar på rekordfangsten av ei håkjerring på 880 kilo, i Boknafjorden mellom Stavanger og Haugesund.

Les også: Danskar fanga hai på 880 kilo

Video Fikk håkjerring på 880 kg

Sjå video av haifangsten

Fleire innsendarar meiner at håkjerringa er freda og at det uansett er forkasteleg å fiska opp ein slik sårbar og seintveksande haiart.

Ulovleg som næringsfangst

Fagsjef i WWF Norge, Nina Jensen

Fagsjef i WWF Norge, Nina Jensen

Foto: WWF Norge

- Næringsfiskarar har ikkje lov til å fanga denne haiarten. Det seier Nina Jensen, som er fagsjef i WWF Norge.

Håkjerringa veks seint, det tar lang tid før den er kjønnsmogen og den føder få ungar, opplyser Jensen. Ho meiner at også fritidsfiskarar bør halda seg vekke frå slik fangst, men ho seier også at det ikkje er ulovleg det som dei to danske fiskarane her har gjort.

- Fritidsfangst er lovleg, men her er det gjort på ein art som er sårbar og som truleg er i kraftig tilbakegang, seier Jensen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.