NRK Meny

Wirak ny AP-leiar i Rogaland

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak blir ny leiar i Rogaland Arbeiderparti, dersom valkomitéen sitt forslag blir vedtatt. Ragnhild Bjerkvik frå Haugesund er foreslått som første nestleiar og Jone Laursen frå Stavanger som andre nestleiar. Nåverande fylkesleiar Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund, trekte seg frå kampen om attval for to veker sidan.