WIRAK NØGD MED REVIDERT:

Sandnes kommune får 30 millionar ekstra i revidert nasjonalbudsjett. Pengane skal gå til vedlikehaldsprosjekt som kan settast i verk umiddelbart. – 30 millionar kan bidra til å få sysselsatt mange. Så eg takkar og bukkar. Det er bra at regjeringa har lytta til dei signala som me har sendt her frå Vestlandet, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

Stanley Wirak
Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK