– Dersom alt skulle gå til helvete så kan de nå drikka vekk sorgene, og samstundes bidra til lokal verdiskaping.
Dei spøkefulle orda kom frå nestleiar i Ap, Hadia Tajik, under ein næringskonferanse i Egersund sist veke. Ho refererte til det som skulle skje i det lokale ølbryggeriet Berentsen, og som nå skjer fleire andre stader i Noreg og Norden.
Storsatsing på maltwhisky.
Tredobling i Noreg
– Dette er som jul og nyttår på same tid.
Sjefsbryggar Fred Berentsen kuttar opp plasten rundt den skinande koparen på dei nykomne destilleringsapparata sine.
– Draumen er at me skal laga whisky for den internasjonale marknaden, seier Berentsen med eit glis, vel vitande om at det er ein marknad med stor konkurranse han er på veg inn i.
For Berentsen er ikkje aleine om å satsa på desse edle dropane, som ein vanlegvis tenker på som skotske.
Dei siste 20 åra har det vore ein boom i Norden, med om lag 50 nye destilleri på 20 år. I Noreg har me først kome på banen dei siste åra.
Me har tre norske whiskyprodusentar i polhyllene i dag, men dei komande åra vil talet bli tredobla.
– Det er snart ti norske whiskydestilleri. Samla vil dei produsera meir maltwhisky enn det me konsumerer i Noreg, seier leiar av Norsk maltwhiskylag, Ivar Aarseth, som er ein av dei fremste ekspertane på whisky i Noreg.
Avhengig av eksport
Han rekna med at nordmenn i fjor konsumerte om lag 135.000 liter maltwhisky. Berre Berentsen har ein ambisjon om å produsera årgangar på 50.000 flasker, men kapasiteten er langt større.
Om Noreg skal produsera så mykje whisky som det nå ser ut til, meiner han at produsentane er avhengige av å lukkast i utlandet. Utan eksport så vil det ikkje gå. Og for å få det til har han berre eitt råd til produsentane.
– Dei må laga whisky av svært høg kvalitet, og la kvaliteten snakka for seg sjølv. Det positive er at dei som så langt har kome ut har veldig høg kvalitet, seier han.
Han legg også til at ein må ha økonomiske musklar for å starta opp med whisky-produksjon. For whisky må lagrast i fleire år før du kan tappa den på flasker.
Har henta heim ekspertar
Hos Berentsen har dei ingen smaksprøve klar før om minst tre år.
– Me må berre smørja oss med tolmod, seier Fred Berentsen.
Dei har fått inn ekspertise frå Skottland til å hjelpa til i oppstartsfasen, i tillegg har dei tilsett ein nyutdanna destillatør frå Liverpool. Han har god tru på at ein kan lukkast med whiskyproduksjon i Egersund.
– Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal gå. Når den første whiskyen er klar om tre år, fem år eller når den er perfekt, så tenker eg at whiskyen kan ta over posisjonen som Berentsen-ølet har i byen i dag, seier destillatør Ben Murphy.