Wedler blir ordførarkandidat

Christian Wedler blei måndag kveld vald til Framstegspartiet sin ordførarkandidat i Stavanger.

Christian Wedler

Christian Wedler (midten) blir ordførarkandidat for Stavanger Frp. Arkivfoto.

Foto: Eirin Larsen / NRK

Det blei intern uro i Stavanger Frp då Kari Raustein rykka opp frå andre- til førsteplass på lista til kommunevalet i haust.

Bakgrunnen for striden er at Tore B. Kallevig trekte seg både som gruppeleiar og ordførarkandidat etter skuldingar om at han hadde tatt opp politiske samtalar på telefon.

Etter råd frå Frp sentralt har lokallaget i Stavanger måndag kveld arrangert nytt nominasjonsmøte.

Christian Wedler fekk 47 av stemmene, mens motkandidat Kari Raustein fekk 40.

Det betyr at Christian Wedler blir Stavanger Frp sin ordførarkandidat.

– Nå er eg veldig stolt og takknemleg for den tilliten veljarane har vist meg her i dag. Dette var kjernefamilien, nå står det att å vinna veljarane der ute, sa Wedler til NRK like etter at stemmene var talt opp.

Kari Raustein var skuffa over resultatet.

– Eg må seia eg er litt skuffa. Men partiet har talt, seier ho.

– Men når det er såpass jamt. Betyr det at partiet ikkje står skikkeleg samla?

– Det har vore eit todelt parti her i dag fordi det har vore to leirar. Det er vel kanskje naturleg når det berre er to kandidatar. Men Christian er vald til ordførarkandidat og eg ønsker han lukke til med det.

Sjølv om Wedler er ordførarkandidat, er det Raustein som er listetopp.

Nå skal dei to setja seg ned for å fordela oppgåver.

– Me risikerer nå at ordførarkandidaten ikkje kjem inn i bystyret. Det må me gjera alt me kan for å unngå, seier Raustein.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå tv-intervjuet med Christian Wedler og Kari Raustein etter at resultatet blei kjent måndag kveld.