Hopp til innhold

– Det er jo over all forventing

I Stavanger er det fullt, og i Sandnes er det kun få plassar igjen. Det er mange elevar som ønskjer å gå ungdomsskule med breiddeidrett til hausten.

Tor Einar Refsnes og Steffen Uldal, Wang Ung

MIDLERTIDIG LOKALE: Tor Einar Refsnes, til venstre, og Steffen Uldal ser fram til å få gang på Wang Ung til hausten.

Foto: JØRUND VATLE SANDGREN / NRK

– Vi forventa jo ikkje at det skulle bli fullt.

Sola skin, glinsar i fjørdrakta til våryr småfugl som syng i trekronene rundt den asfalterte basketbana utanfor Ynglingen på Lassa i Stavanger. Bak glasdørene skal Wang Ung starte til hausten.

Det var først klart at skulen ikkje fekk til oppstart i år, då dei ikkje hadde lokale. Men alt er no klart for skulestart. Dagleg leiar Steffen Uldal er overraska over søkartala.

– Miljøet rundt ville starte opp eit niande trinn i Stavanger og, så vi sa at vi skulle sørge for det om det var søkarar til det. Og det var det jo, for no er det heilt fullt, seier han.

Fredrik Vincent Østrått Rygh i duell

I AKSJON: Fredrik Vincent Austrått Rygh, i midten av dei kvite, er midtstoppar på Viking.

Klar for skulestart

Først ville verken Sandnes eller Stavanger kommune ha privat ungdomsskule, men klagane frå kommunane vart overprøvd av Utdanningsdirektoratet.

Fredrik Vincent Østrått Rygg

SKULEKLAR: Fredrik Vincent Østrått Rygh gleder seg stort til skulestart på Wang Ung i august.

Foto: JØRUND VATLE SANDGREN / NRK

– Eg fekk beskjed av ein på laget, for faren hans hadde høyrd om skulen i nyheitene. Så då spurde eg foreldra mine, og dei sa det var greitt.

Fredrik Vincent Østrått Rygh speler på Elite Juniorlaget til Viking. Her speler 22 unge tenåringar fotball for harde livet. Fleire av kvittrøyene skal starte på Wang Ung til hausten.

– Han er genuint interessert i fotball, og det har han vore heilt sidan han var åtte, seier Kristian Rygh.

Han er stolt pappa, og føl med sonen ute på grasmatta med store auge.

– Då vi høyrde om skulen i nyheitene om at dei først ikkje kunne starte opp, men så fekk godkjenning, visste vi kva vi måtte gjere.

Kristian Rygh

STOLT FAR: Kristian Rygh viser mykje entusiasme frå sidelinja.

Foto: JØRUND VATLE SANDGREN / NRK

Opptaksprøve

På landsbasis går nesten 23.000 elevar på private skular, eit tal som aldri har vore høgare. Det viser Grunnskulens Informasjonssystem. Pågangen merkast, forklarar Refsnes.

– Om det er meir søkarar enn vi har plass til, må vi bestemme inntaket ut ifrå ein opptaksprøve, seier idrettssjefen ved Wang Ung, Tor Einar Refsnes.

Men opptaksprøve i idrett for unge heilt nede i tolvårsalderen kan skape forskjellar, meiner han.

– Det er dessverre ingen andre måtar å gjere det på. Det er ikkje karakterar på barneskulen, og vi kan jo ikkje drive med rein loddtrekning.

Det kan vere store fysiske forskjellar på gutar på 12 og 13 år, og fysiske testar kan bli urettferdige. Uldal understrekar at testane er laga for å eliminere dette mest mogleg.

– Vi har vore i Oslo og sett korleis dei gjer det der, og då er det som ein kjekk aktivitetsdag, der dei har diverse koordinasjonsøvingar og liknande. Det er ikkje stor forskjell i resultata, og ofte kan jentene vere betre enn gutane.