Hopp til innhold

Vurderer søksmål mot Schibsted

Tilsette ved Schibsted sitt trykkeri på Forus føler seg lurt av selskapet. Dei fleste mistar jobben når trykkeriet blir lagt ned, men klubbleiaren meiner fleire av dei tilsette skulle ha fått tilbod om jobb ved dei andre trykkeria.

Schibsted Trykk Stavanger, Forus

Schibsted sitt trykkeri på Forus blir lagt ned seinare i haust. Då skal Stavanger Aftenblad trykkast i Bergen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Dei tilsette er veldig frustrerte over måten dei har blitt behandla av Schibsted på, seier klubbleiar ved Schibsted sitt trykkeri på Forus, Samuel Høines.

I juni vedtok Schibsted å legge ned trykkeriet, og framtida til dei 38 tilsette blei med det svært usikker. Likevel blei det sagt at nokre av dei kunne få jobb ved trykkeriet i Oslo, men no har det oppstått ei strid rundt kor mange stillingar som faktisk blei lova.

– Schibsted har lova at ti tilsette frå trykkeriet på Forus skulle få jobb i Oslo, men no har dei gått tilbake på det, og tilbyr berre fem stillingar, seier Høines.

Den oppfatninga deler ikkje Schibsted.

– Har ikkje brote ein avtale

– Då det blei sagt ti stillingar, så var det eit estimat som blei gjort i samband med styrebehandlinga før sommaren. Etter sommaren har me sett at det faktiske behovet for stillingar på trykkeriet i Oslo er fem og ikkje ti, seier konserndirektør for trykk og distribusjon i Schibsted, Harald Jacobsen.

– Men når klubbleiaren seier at de har brote ein avtale, kva svarer du då?

– Det er ingen avtale som har blitt brote. Me har snakka om eit estimat, og så har føresetnadane endra seg. Me kan ikkje tilby fleire stillingar enn det faktisk er behov for.

Han fortel vidare at det berre var tre tilsette ved trykkeriet på Forus som søkte på dei fem stillingane som blei lyste ut. To av desse enda med å søka om sluttpakke i staden for.

Har frist på måndag

Trykkeriet blir lagt ned i november, og då skal Stavanger Aftenblad trykkast i Bergen.

Dei tilsette på Forus har fått frist til måndag kl. 16 på å signera sluttavtalar. Men både klubbleiaren og Fellesforbundet meiner at fristen burde ha blitt utsett.

Morten Larsen

Morten Larsen er leiar for Fellesforbundet i Rogaland og Agder.

Årsaka er at dei meiner det er snakk om ei verksemdsoverdraging, og at fleire difor skulle ha fått tilbod om jobb ved dei andre trykkeria.

– Å flytta produksjonen av Stavanger Aftenblad frå Stavanger til Bergen kan sjåast på som ei verksemdsoverdraging. Det vil bety at dei tilsette óg skal vera med over til den staden som skal trykke avisa, seier leiar for Fellesforbundet i Rogaland og Agder, Morten Larsen.

– Me meiner at dette ligg langt utanfor det som kan kallast ei verksemdsoverdraging, svarer Jacobsen.

Kan hamne i retten

Men akkurat dette prinsippet seier klubbleiaren at dei no vurderer å prøve i retten.

– Sjølv om alle skulle skrive under på desse sluttpakkane, så har me uansett veldig lyst til å gå til retten. Me vil visa at Schibsted har gjort ein feil når dei seier at dette ikkje er ei verksemdsoverdraging.

Meiner de at de har ei god sak?

– Me trur me har ei veldig god sak, seier Høines.

– Det er trist om dei gjer det. Eg føler meg trygg på at det er ei sak som dei ikkje vil vinna fram med i retten, seier Jacobsen.