Hopp til innhold

Bankar vurderer å setja opp renta likevel

Sparebank 1 SR-bank i Stavanger vurderer å setja opp renta, sjølv om Norges Bank i dag bestemte å halda styringsrenta uendra. Og dei er ikkje aleine.

Sparebank 1 SR-Bank, hovedkontor

Dagleg vurderer Sparebank 1 SR-bank om dei skal setja opp renta, årsaka er høgare innlånskostnader for bankane.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Årsaka til at Sparebank 1 SR-bank i vurderer å setja opp renta si er at det har blitt dyrare for banken å låna pengar sidan sist gong renta blei fastsett i mai.

– Det er ein utfordring når prisen på innlånskostnadene til bankane i dag er 0,3 prosent høgare enn den var i mai, seier Oddvar Rettedal som er banksjef i Sparebank 1 SR-bank.

Høg risiko på verdsmarknaden

Altså har bankane si rente på lån i utlandet auka, medan Norges Bank i dag avgjorde at styringsrenta skulle forbli den same. Styringsrenta er den prisen bankane betalar for å låna pengar i Norges bank.

– Det er risikoen ute i verda som gjer at pengemarknadsrenta blir haldt høg, og det er med utgangspunkt i den renta me hentar pengane våre. Som ein konsekvens av dette kan det hende at me sett opp renta også for kundane, seier Rettedal.

Når ein eventuell renteoppgang vil koma kan ikkje rettedal seia noko med, men han seier at dei kvar dag vil gjera vurderingar på om renta skal opp.

– Forventar auke

Svein Ivar Førland

Svein Ivar Førland Sandnes Sparebank trur at renta vil stiga for kundar med lån innan nær framtid.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Mindre bankar som Sandnes Sparebank ser heller ikkje vekk frå at dei vil setja opp renta.

– Me forventar at det vil koma ei renteauke i forhold til det kundane må betala for lån i tida framover, seier Svein Ivar Førland som er administrerande direktør i Sandnes Sparebank.

Han seier at dei som ein mindre bank kan følgja meir med på dei større bankane før dei gjer noko med renta. Han seier at det er uvisst når det skjer:

– Om konkurransen i marknaden er veldig hard vil nokre bankar kanskje halda renta låg lenge, og er heller villige til å ikkje tena pengar på låna i denne perioden.

Tilrår fastlån

Dagens situasjonen gjer at Rettedal tilrår folk som skal låna store pengar om å vurdera fastrentelån.

– Når me er i ein situasjon med ein uroleg finansmarknad er ofte prisen på fastrentelån billige. I dag kan du låna pengar med fast rente til om lag den same prisen som det er på flytande renter, seier han.

Dei som må ha høge lån kan dermed vera trygge på at rentene ikkje blir ubehagelege på sikt. Likevel seier han at dei som har god økonomi til å tola ei renteauke vil det vera fornuftig å ha lånet flytande.

– Dagens marknad er likevel eit gunstig tidspunkt å binda renta på, seier banksjefen.

Rettedal trur ikkje at styringsrenta vil bli høgare før etter me har kome inn i 2012.