Hopp til innhold

Sikra opprykk for Sola, no vurderer han å leggja opp – igjen

Opprykksspesialisten Morten Eriksen sendte Sandnes Ulf til Tippeligaen i 2011, før han la opp. Måndag sendte han Sola opp i 2. divisjon, og vurderer å leggja fotballskoa på hylla nok ein gong.

Morten Eriksen

SIKRA OPPRYKK – LEGG OPP? Morten Eriksen sikra opprykk for Sola måndag kveld. Her scorar han mot gamleklubben Sandnes Ulf då cupbomba small i april.

Foto: Pål Christensen, Aftenbladet / NTB scanpix

I 2011 var Eriksen sterkt delaktig i å sikra opprykk til eliteserien for Sandnes Ulf med å bli toppscorar for klubben. Så bestemde han seg for å leggja opp.

Fotballysta vart etter kvart for stor til at han klarte å halda seg heilt vekke, og han byrja å spela for Sola i 4. divisjon. Dei rykka opp i fjor, og måndag kveld scora han hat-trick då dei slo andrelaget til Viking 5-1, og dermed er dei klare for 2. divisjon neste år.

Og Eriksen vurderer å leggja opp nok ein gong.

– Eg trur det blir vanskeleg å vera med neste år, men no fokuserer eg på denne sesongen som endå ikkje er heilt ferdig. Det er mykje bra i Sola som kan ta dette vidare, så eg har ikkje tenkt så langt, eigentleg, sa Eriksen etter kampen.

Hat-trick og utvist Thioune

Etter berre fire minutt putta Eriksen ballen i mål og sende Sola opp i leiinga, men åtte minutt seinare utlikna Viking 2.

Sola putta ytterlegare to mål før kvilen, og då Viking-spelar Makhtar Thioune snakka på seg raudt kort i pausen, kunne festen byrja for Sola.

Morten Eriksen

PROFF: Eriksen i kamp for Sandnes Ulf.

Foto: Morten Wiik Larsen

Eriksen scora to mål mot slutten av kampen, i det 85. og 90. minutt, og så kunne feiringa byrja. Sola har no 11 poeng ned til Staal-Jørpeland med tre kampar att å spela, og dermed kan ingen ta dei opp på toppen av tabellen.

– Det er veldig artig. Me har framleis fleire kampar att me kunne tatt poeng i, men det er alltid moro å få det til å gjeld. Eg tykkjer gutane gjer ein kjempegod innsats i dag. Det blir ein spesiell kamp sidan dei kjem ein mann under, men eg tykkjer me gjer det veldig bra. Eg er godt nøgd med laget i dag.

Skal feira med Jakten på kjærligheten

Han angrar ikkje på at han har spelt amatørfotball dei siste to sesongane.

– Det er veldig kjekt å spela litt fotball, og at Sola har vore så greie at dei har latt meg få vera med når eg kan, og det er veldig kjekt når eit lag vil så mykje som Sola, lukkast. Det er moro for meg og ekstra moro for dei lokale spelarane her, seier han.

– Me hadde ein sesong i 4. divisjon der me møtte relativt dårleg motstand. Folk forventa me skulle vinna i år, men det vart tøft. No er det eitt nivå opp, og eg veit at det er nokså mykje arbeid som krevst, men eg trur Sola har eit godt grunnlag med den profesjonaliteten kvar spelar har vist dei to sesongane eg har vore med no.

Trass opprykk og hat-trick, Eriksen ser for seg ein relativt roleg kveld.

– Eg veit ikkje om det blir fest i kveld. Er det ikkje måndag, då? Det blir vel heim å sjå Jakten på kjærligheten, avsluttar han.