NRK Meny
Normal

Vurderer å legge om skiskulen

Stavanger Turistforening er misnøgde med påmeldingstala til skiskulen. Nå vurderer dei å tilby kurs over både ei og to helger.

Skitur på fjellet
Foto: Hege Øygaren / NRK

Slik tilbodet er i dag, går skiskulen over to helger. Nå skal arrangøren, Stavanger Turistforening, sjå på om dei skal tilby valfrie kurs over ei eller to helger.

– Me ser at påmeldingstalet går jamt nedover, og derfor er det truleg tid for å gjera endringar. Det seier kommunikasjonsansvarleg i SFT, Sigurd Rønningen.

Direkteoppmøte i Sirdal

Ei anna endring som turistforeininga vurderer, er om det skal bli råd å møta opp på kurs i Sirdal. I dag må dei som skal vera med møta opp på Forus og bli med i felles bussar opp til skibakkane.

Sigurd Rønningen i Stavanger turistforening

Sigurd Rønningen i Stavanger turistforeining.

Foto: Inger Johanne Stenberg

– Nå er det så mange som har hytter i Sirdal, og som naturleg er der i helgane, at det å møta opp ved kursstaden i Sirdal, også kan vera ei endring å vurdera, seier Rønningen.

Påmeldinga går ned

Dei siste to åra har talet på påmelde til skiskulen gått ned frå om lag 400 til 300 personar. I tillegg har skiskulen opplevd at dei måtte avlyse ein dag på skiskulen, på denne vinteren og i fjor.

– I veka som kjem, skal me setje oss ned og evaluera skiskulen. Om me kjem til å gå for dei endringane eg har nemnt er ikkje sikkert, men det er mogeleg. Og i tillegg kan det koma andre endringsforslag, seier Rønningen.