Hopp til innhold

Vormedalen er utan telefondekning

Fleire folk i Hjelmeland kommune er utan fasttelefon- og mobildekning etter lynet har slått ned i ei telefonmast.

Politiet melder at fleire nå er utan telefondekning i Vormedalen i Hjelmeland. Årsaka er ei telemast som er slått ut av lyn.

– Det er om lag 150 husstandar som er råka, opplyser operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Henning Andersen til NRK.no.

Dei er heilt utan telefonkontakt, og kan derfor ikkje ringa naudnummera 110, 112 og 113. Det er to mil til nærmaste fasttelefon.

– Bruk sikringsradio

Politiet ber folk som treng telefon om å oppsøka bønder, som er utstyrte med sikringsradio.

– Dei fleste som bur i Vormedalen er småbrukarar og har tilgang til denne type radio. Det er viktig at dei brukar desse dersom det skulle oppstå ein naudsituasjon, seier Andersen.

Han seier vidare at Telenor og Norkring jobbar med å fiksa feilen.

– Me håper at folka i området vil ha telefonforbindinga si tilbake sein ettermiddag eller tidleg kveld, seier Andersen.