NRK Meny
Normal

Vitner har meldt seg

Fleire vitner som var i nærleiken av den store brannen i Haugesund i natt har no meldt seg for politiet. To guttar har meldt seg, men politiet er ikkje sikre på om det er dei same som ble sett ved brannstaden i natt.

Store skader etter brannen i Smedasundet
Foto: Ingrid Hogneland / NRK

 - Me er ønsker å kome i kontant med alle som var i området i går kveld. Det er for å få kartlagt det som hende like før brannen starta, seier Harald Berge i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Dei sju vitna som allereie har meldt seg,  og eigaren av sjøhuset skal avhøyrast i løpet av dagen.

- Fleire vitner har sett to guttungar like før brannen. Me er fortsatt interessert i å kome i kontakt med dei. Guttane som  har meldt seg er me ikkje sikre på er dei som vitna har sett, seier Berge.

Verdiar for fleire millionar kroner gjekk tapt i brannen.

 

 

 

Brannskader i Smedasundet
Foto: Ingrid Hogneland / NRK