Viste fram våpen på buss

Politiet fekk i 17-tida i dag inn melding om ein person som hadde synt fram eit våpen på bussen i Stavanger. Personen gjekk av bussen ved Stavanger universitetssjukehus. Politiet har beslaglagt ein soft-gun og har kontroll på personen.