Hopp til innhold

Viste fingeren – fekk bil etter seg

Politiet på Karmøy måtte i dag stoppa ein bil som køyrde uaktsamt. Det viste seg at bilisten hadde lagt seg på hjul etter ungdommar som hadde vist han fingeren.

Vise fingen

Bilføraren som blei stoppa av politiet hadde blitt kraftig provosert då ungdommar i ein annan bil viste han fingeren.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det var i seks tida i kveld politiet fekk inn fleire meldingar om uaktsam køyring på Karmøy.

– Det var ein bilførar i 20-åra som køyrde med varsellysa tende, han var delvis over i motsett køyrefelt og tidvis køyrde han med ein fart som folk oppfatta som svært høg i forhold til grensene, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne-Reitan.

Prøvde å stoppa bilist som hadde vist fingeren

Politiet fekk spora opp og kontrollert bilføraren.

Det viste seg då at køyringa hadde si forklaring i at ungdommar som hadde køyrd i bilen framføre hadde han fingeren.

Køyringa var hans var eit forsøk på å gje teikn til dei om at han ville dei skulle svinga til sida.

– Bilføraren blei kraftig formant om at han ikkje kan køyra slik, sjølv om han føler seg forulempa av andre trafikantar. For framtida må han ringa politiet dersom han kjem i en tilsvarande situasjon, seier Utne-Reitan.