Hopp til innhold

Viser fram framtidas hus

Politikarane krev meir effektive bustadar i tettbygde strøk. På minimale tomter gir fleksible løysingar plass til mange.

Byggevareselskapet Optimera - vil inn på det norske markedet med framtidens hus. Boligene er et svar på politikernes krav om fortetting i byene. På minimale tomter- gir fleksible løsninger -plass til mange.

SJÅ REPORTASJEN: Husa på Tananger stod klare for omvising i dag.

– Tanken har vore å laga hus som gir opplevingar. Hus der du heile tida har ein romsleg oppleving, at det heile tida skal opplevast større enn det eigentleg er, seier arkitekt Camilla Sjo Fasting.

Fleksibilitet, fortetting og miljøvenleg er stikkorda for framtida bustad. I dag vart forsøkshus vist fram på Myklebust i Tananger. Folk frå byggenæringa i Europa var på plass for å sjå på nyvinningane.

– Det er konstruert slik at alt ligg klart. Både elektriske punkt og berekonstruksjonen er laga slik at det er enkelt operasjon å flytte veggar og laga nye rom, seier Bern Eddie Lie, dagleg leiar i byggevarefirmaet Optimera.

Tanangerhusa er ein del av eit internasjonalt prosjekt der miljø og det å byggja smart i byområde med mangel på tomter har vore i fokus for arkitektane. Med seksti kvadratmeter grunnflate kan du få plass til alt frå to til sju soverom.

– Politikarane utfordrar bustadbyggjarane i Noreg til å byggja tettare og meir rasjonelt, og me syner no korleis det er mogleg. Du byggjer ein energieffektivt hus, og det har også eit godt inneklima som kan vera bra for helsa, seier Stene Bergsløkken, administrerande direktør i Optimera.