Vinterferien 2014 byrjar i dag, og om vêret ikkje skulle bli det beste finst det alltid nok av inneaktivitetar ein kan finna på.
Til dømes kan ein spela yatzy, som Tønes og familien i campingvogna demonstrerer på kvart sitt vis i dagens utgåve av Rogaland retro.
Send inn tips
«Rogaland retro» er ein serie der NRK Rogaland kvar fredag legg ut TV-klipp frå arkivet på nettet.
Har du tips til innslag du vil sjå i reprise; send e-post til NRK Rogaland.