Hopp til innhold

Vinterens første kaosdag i trafikken

Bussar som står og trafikkuhell. I dag skulle også dei med vinterdekk slita på glattisen.

Vinterens første dag med veldig glatte vegar på Jæren kom i dag.

SJÅ VIDEO: Underkjølt regn førte til veldig glatte vegar på Jæren i morgontimane tysdag.

Vegtrafikksentralen opplyser at entreprenørar er ute for å salta vegane, men at dei ikkje rekk over alt, så folk må køyra forsiktig og ta tida til hjelp.

Dei begynte å få meldingar om at det var glatt då det byrja å bli yr i lufta rundt halv åtte i dag tidleg.

  • Følg trafikkbiletet på NRK Trafikk
  • Vêr og temperaturar får du på yr.no. Det skal bli mildare utover dagen.

Det er underkjølt regn som er årsaka til problema, som gjer at det blir svært glatt på vegane.

Glatt på Universitetet i Stavanger
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Nokre bussar går, nokre bussar står.

I Jåttåvågen stod tre bussar klokka 09.10, fordi det er for glatt til at dei kjem seg vidare.

Også ved Universitetet i Stavanger er det svært glatte vegar, noko som har ført til problem for Kolumbus.

– Me har problem på grunn av føret. Det gjeld spesielt på Ullandhaug, men det har også vore problem på Hinna, seier dagleg leiar i Boreal transport sør, Rune Terjesen.

«Flere avganger på rute 9 er på morgenen mandag 23. november forsinket på grunn av glatt vei på Tananger. Det er også glatt ved Jåttåvågen og opp gamlevegen, trafikken står helt stille foreløpig og flere bussruter er forsinkede her», skriv Kolumbus på Facebook.

Nokre passasjerar sit i bussane og ventar, medan nokre har forlate bussane.

– Det er opp til sjåførane å vurdera om det er forsvarleg å køyra eller ikkje, seier Terjesen, og opplyser at alle bussane har vinterdekk.

Mange bussar stod i Jåttåvågen grunna såpeglatte vegar.

FORSEINKA BUSSAR: Rundt klokka 9 og litt utover stod mange bussar fast i Jåttåvågen.

– I dag er det farleg

I krysset mellom Madlaveien og Regimentveien var to bilar involverte i eit trafikkuhell.

Eg stoppa for ein fotgjengar. Eg kjende at det var glatt, så bremsesperra på bilen slo inn, men eg klarte å stoppa heilt greitt. Ho bak meg klarte ikkje å stoppa. Eg hadde piggdekk og ho hadde vinterdekk. Det er sylglatt, seier Kari Mette Høiesen, som køyrde den fremste bilen.

Trafikkuhell Madlaveien
Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– I dag er det farleg. Politiet sklei sjølv då dei kom, så er det rett og slett farleg, seier ho.

Ho er ikkje nøgd med at det ikkje er strødd eller salta, men er ikkje veldig overraska.

– Det er litt typisk Stavanger, det skjer kvart år.

– Hold avstand! Og ikkje køyr med sommardekk i dag! er den klare meldinga til andre bilistar.

Mot til å seia nei

Også syklistane har blitt råka av dei glatte vegane i dag. 150 elevar med Dysjaland skule på Sola skulle eigentleg besøkja Stangeland Maskin AS i dag, for å syngja MOT-songen som takk for 100.000 kroner i julegåve til MOT Sola.

Men elevane, og rektor Atle Tanum, hadde mot til å seia nei, då vegen var for glatt til å sykla på. Han har lova at elevane skal koma på songbesøk ein annan dag.