Hopp til innhold

Nå sviv det på Høg-Jæren

Den første vindmølla på Høg-Jæren Energipark sviv nå i vinden. Og på Karlsbu hevdar Bjarne Kartevoll at han har laga den første steika på rein vindenergi frå Jæren.

Høgjæren vindmøllepark

Måndag sveiv den første vindmølla på Høg-Jæren.

Foto: Tor Helge Haugland / NRK

Det var eit historisk augeblikk då den første vindmølla på Høg-Jæren Energipark i dag sette i gang.

Skuelystne naboar og sjefen sjølv følgde nøye med då vinden for første gong tok tak i rotorblada som har ein diameter på heile 96 meter.

– Vindmølleparken ligg heilt perfekt til, seier John Kirkegaard som er cite manager i Høg-Jæren Energripark.

Om fire veker skal alle dei 26 møllene vera i drift og produsera nok straum til 12000 husstandar. Vindparken kostar 1,1 milliard kroner.

På Karlsbu, den nærliggjande kafeen, sette innehavar Bjarne Kartevoll straks i gang med å laga steik.

Ifølgje han sjølv er dette den første steika produsert på kraft teken ut frå lause lufta på Jæren.

– Dette er ein milepåle, seier den svært nøgde naboen og serverar steika.

Sjå video frå opninga:

Video Vindparken i produksjon

Video: Ifølgje Bjarne Kartevoll er desse kjøtstykka steika på fornybar vindenergi frå Høg-Jæren.