Hopp til innhold

Meir vindkraft gir rekordbillig straum

Mykje regn har halde straumprisen låg i år. Og nå bidrar også vindkrafta stadig meir til prisfallet.

Vindturbiner i Roan

Straumprisen toler ikkje mykje nedbør og vind på same tid

Foto: Ingrid LIndgaard Stranden / nrk

– I år har me hatt den lågaste straumprisen på 20 år.

Det seier administrerande direktør i Lyse Produksjon, Bjørn Honningsvåg. Då han laga budsjett for 2020 rekna han med å få 40 øre pr. kilowatt-time.

Portrettbilde av Bjørn Honningsvåg, adm dir Lyse produksjon

Adm.dir. i Lyse produksjon, Bjørn Honningsvåg

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Resultatet ser ut til å bli 10 øre.

Inntektene frå sal av kraft er altså 75 prosent lågare enn budsjettert.

Lyse produserer straum i Rogaland og i Agderfylka, men situasjonen er den same i store delar av Sør-Noreg og på Vestlandet. Mykje regn gir stor produksjon og låge prisar. Og i tillegg kjem det stadig meir vindkraft inn på marknaden.

Overløp dam Sviland i Sandnes

Det har kome så mykje regn i november at vatnet renn over demninga på Sviland i Sandnes.

Foto: Lyse Energi

–Ja, vindkraft får ein større og større betydning for prisen, og den bidrar til at prisen går ned, stadfestar Honningsvåg.

Vind frå vest

– Vindkrafta reduserer straumprisen med om lag fem øre pr. kilowatt-time, fortel Rune Hersvik. Han er medgründer i selskapet Norsk Vind, som blant anna har bygd opp Høg-Jæren vindpark.

Portrettbilde av Rune Hersdal, medgründer i Norsk Vind

Rune Hersvik er medgründer i Norsk Vind

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Dette talet vil gå opp til over 10 øre om få år, når fleire vindkraftanlegg kjem i drift.

Hersvik viser til utrekningar frå Thema Consulting, som reknar med at i 2022 vil vindkrafta stå for nærare 10 prosent av kraftproduksjonen i Noreg.

Taparane

Bjørn Honningsvåg i Lyse ser nå at straumprisen i 2020 blir 75 prosent lågare enn kva han rekna med for eitt år sidan. Fredag 20. november var prisen nede i to øre.

90 prosent av vasskraftproduksjonen er eigd av stat og kommunar. Når overskottet i selskapa blir mindre, kan det bety mindre pengar til viktige tilbod for innbyggjarane i eigarkommunane.

I fjor betalte Lyse over 770 millionar kroner i utbytte, avdrag og renter på lån til dei 14 eigarkommunane sine.

Vind som prisutjamnar

– Det positive er at straum frå vindenergi kan hindre høge pristoppar på vinteren, seier Rune Hersvik.

Kulde og lite nedbør pressar prisen opp, vinterstid. Samstundes er det på haust og vinterstid at det bles mest, og då vil vindkrafta minske prispresset.

Industrien tener også på at straumprisen er låg, meiner Hersvik. Spesielt den delen av industrien som treng mykje energi. Hydro Karmøy, der dei lagar aluminium, er eit godt eksempel.

Fra elektrolysehallen hos Hydro på Karmøy

Aluminiumsproduksjonen på Hydro Karmøy treng store mengder kraft. Foreløpig kjem den frå vasskraft, men vindkraft kjem til å spela ei viktig rolle i framtida.

Foto: Hydro

Bruk sjansen

– Den låge straumprisen nå er ein sjanse til å skifte ut fossil energi med grøn elektrisitet, seier professor på Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, NTNU, Magnus Korpås.

Portrettbilde av professor Magnus Korpås ved NTNU

Magnus Korpås er professor ved NTNU, der han blant anna forskar på kva påverknad energi frå vatn og vind har på kraftmarknaden

Foto: NTNU

Han støttar vurderingane frå Rune Hersvik i Norsk Vind.

Korpås reknar med at straumprisen kjem til å halde seg relativt låg dei næraste 10 åra, fordi det blir produsert meir straum enn kva det er behov for i Noreg.

– Nå er det tid for å skifte ut olje og gass for å minske klimautsleppa, seier Korpås.