– I dagens samfunn så er det ikkje lagt opp til at ein skal vere utan nett. Tvert imot, seier Leiv Øystein Leifsen.
På husveggen hans i Vikedalsdalen i Vindafjord heng ei antenne.
Ho skal gje internett til familien Leifsen. Men den jobben gjer ho ikkje alltid så bra.
– Internettet dett ut når det er dårleg vêr. Då må me rekna med å vere utan nett i periodar, seier Leifsen.
Konsekvensar for distrikta
Ein roleg kveld med dataspel eller «serie-binging» blir fort ikkje like avslappande viss internettet takkar for seg.
Og ein sånn kveld kan skje mange, spesielt dei som bur i distrikta.
Regiondirektør i NHO Rogaland, Tone Grindland, seier at raskare breiband gjer store nytteverdiar for både den enkelte og bedrifter.
Foto: Marie Håland / NRKNHO Rogaland har gjort ei undersøking som viser at det i spreiddbygde område berre er 66 prosent av befolkninga som har tilgang på fiber. Medan det i tettbygde område er 96 prosent.
Kommunen med lågast dekning i landet er Ulvik i Vestland med 13 prosent. Medan Oslo kommune er ei av dei heldige med full pott på 100 prosent.
Tilbod om 100Mbit/s-breiband
Kommunar med best breiband-dekning
Kommune | Arbeidsledighet i prosent |
---|---|
Arendal | 97 % |
Birkenes | 78 % |
Bygland | 76 % |
Bykle | 91 % |
Evje og Hornnes | 90 % |
Men dårleg dekning har fleire konsekvensar enn hakkete seriar på strøymetenestene.
– Det er klart at dårleg breiband i distrikta gjer det mindre attraktivt både for bedrifter og for folk å etablere seg der, seier Tone Grindland som er regiondirektør i NHO Rogaland.
– Like vanleg som straum og vatn
Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal, veit at kommunens dekningsgrad på 51 prosent ikkje er god nok.
Ole Johan Vierdal er ordførar i Vindafjord som er den kommunen i Rogaland med lågast breibanddekning.
Foto: Thomas Halleland / NRK– Internett er blitt så vanleg som straum og vatn. Det er på ein måte livsnødvendig for at folk skal bu i bygda. I utkantane er det for lite fiber og internettforbinding. Me må jobba med det for å få det opp.
Tone Grindland i NHO Rogaland meiner regjeringa må bruke meir pengar på utbygging av breiband.
– Me meiner det er på tide at regjeringa aukar tilskotsordninga for breiband til ein milliard kroner per år fram til 2025. Slik kan me sikre at folk og bedrifter i heile landet får tilgang som er på gigabit-samfunnsnivå, seier Grindland.
Regjeringas mål er at alle skal ha tilbod om høghastigheitsnett innan 2025.
Kommunal- og distriktsminister, Bjørn Arild Gram (Sp), meiner at breiband skal vere ein rett på linje med straum då det er viktig for å sikra busetting i heile landet.
– Me må halda fram med å legga til rette for kommersielle investeringar og eit marknadsbasert tilbod der det er grunnlag for det, skriv Gram til NRK.
– Staten og kommunane må bidra der marknaden ikkje strekk til, legg han til.
Men Grindland meiner regjeringa bør ha som ambisjon at Noreg blir eit gigabit-samfunn allereie i 2025.
– Med dagens investeringstakt når ambisjonane med gigabit-samfunnet først i 2035. Det går altfor treigt. Særleg når me veit at ei større satsing raskt vil gje store samfunnsøkonomiske gevinstar.