NRK Meny
Normal

Ville ikkje på land då krigen tok slutt

For fleire krigsseglarar blei frigjeringsdagen eit antiklimaks. Sverre Johan Haga (94) meinte han ikkje fekk det betre på land og blei verande på sjøen.

For fleire krigsseglarar blei frigjeringsdagen eit antiklimaks. Sverre Johan Haga (94) meinte han ikkje fekk det betre på land og blei verande på sjøen.

VIDEO: Totalt blei over 30.000 sjømenn det som blir kalla krigsseglar under andre verdskrig. Sverre Johan Haga (94) var ein av dei.

Sverre Johan hadde havet som arbeidsplass under krigen. Med ein konstant trugsel hengande over seg var kvardagen tøff for sjømannen som gjekk klar av døden gong på gong.

– Eg opplevde folk som låg i vatnet, oljesøl. Huff, det var fælt og uhyggeleg. Du måtte ta ein time og ein dag om gongen, fortel mannen frå Tananger i Sola kommune i Rogaland.

94-åringen var ein ung mann i tjueåra i krigens dagar. I løpet av dei fem åra krigen varte segla han på seks skip knytt til den norske handelsflåten.

– Eg var ikkje nervøs, men eg gjekk i spenning heile vegen. Og eg var sjølvsagt redd for mitt eige liv.

Etter kvart blei skyting, torpedering og ei konstant uvisse kvardagskost for dei norske sjøfolka - inkludert Haga.

– Me blei vane med det og tok det som sjølvsagt at det var krig. Dette var noko me snakka svært lite om, både under krigen og då krigen tok slutt.

– Ekstremt

Sverre Johan Haga

Sverre Johan Haga (t.h.) om bord på eit skip under andre verdskrig.

Foto: Privat

8. mai er det 70 år sidan tyskarane kapitulerte og 2. verdskrig var over. Om lag halvparten av alle omkomne nordmenn under krigen var sjømenn, slik som Sverre Johan Haga.

– Sverre opplevde at båtar blei senka like i nærleiken. Det kunne like gjerne vore han, seier Atle Skarsten, som har skrive boka «Sola, sjøen og krigen», om dei tidlegare krigsseglarane frå Sola.

Boka er ført i pennen saman med den tidlegare sjømannen Odd Bergo.

Totalt blei over 30.000 sjømenn det som blir kalla krigsseglar under andre verdskrig. Desse gjorde ein avgjerande jobb for dei allierte med frakt av våpen, drivstoff og andre varer over farefulle strekningar til havs. Kvardagen i konvoi over verdshava var dramatisk.

– Dette er jo ekstremt, der du sjølv er eit av «sitting ducks», altså eit av måla. Du veit at om ein tyskar ser deg, vil han senka deg, seier Skarsten.

Krigsseglarar

Her blir ein av dei allierte sin tankarar torpedert under andre verdskrig.

Foto: Wikipedia Commons

Fekk nerveproblem

Dødsfrykt kvar dag gjennom heile krigen gjorde noko med krigsseglarane. Mange fekk det som i dei dagar blei kalla nerveproblem, fortel krigsseglar Sverre.

– Det har eg også fått. Eg har aldri vore den harde typen, seier han.

Krigen forandra mange. Og for fleire krigsseglarar blei faktiske frigjeringa eit antiklimaks, ifølge forfattar Skarsten.

– Eg trur ikkje folk visste kva sjøfolka hadde vore utsett for, og dei fekk aldri ein skikkeleg avslutning på krigen.

– Kvifor ikkje?

– Dei som for eksempel hadde vore i den norske brigaden i Skottland hadde ikkje vore i kamp ein einaste gong, men kom tilbake og blei heidra i parader og tog framføre Slottet. Sjøfolka kom som regel heim lenge etter at freden var over. Det blei aldri nokon parade for dei. I staden blei dei bedne om å segla endå ein tur fordi landet skulle byggast opp igjen.

Sverre Johan Haga gjekk ikkje i land før i januar 1947. Det skjedde med skipet «Stavangerfjord». Rogalendingen hadde ikkje lyst til å reisa heim etter krigens slutt.

– Det var lite pengar, og lite av både det eine og det andre, så eg hadde lyst til å vera ute ei stund til.

Ein skade i kneet gjorde at han måtte venda nasen heimover.

– Hadde det ikkje vore for kneet trur eg ikkje eg hadde kome heim så tidleg. Men det kan eg ikkje vita sikkert.

Krigsseglarar

Konvoi på Atlanterhavet under andre verdskrig.

Foto: Wikipedia Commons

– Folk trudde me hadde sol og sommar

Krigsseglar Haga føler ikkje jobben sjøfolket gjorde under krigen blei skikkeleg verdsett av folk flest.

– Dei trudde me hadde sol og sommar heile vegen. Då eg fekk spørsmål om kva eg gjorde under krigen og svarte sa berre folk; «åja».

Det å gå i land for sjøfolka baud på fleire problem.

– Etter krigen var det rasjonering på det meste; det å bygga hus, tømmer, mat og eigedom. Fleire kom tilbake og opplevde at dei hadde budd for lenge vekke til at dei var kvalifisert til å få kjøpt eigedom. I tillegg kom skattekontoret etter dei. Mange tydde til alkoholen, og mange blei sett på som nesten kriminelle, fortel Skarsten.

Atle Skarsten utdjupar at for mange var ikkje Noreg ein heim lenger – og dermed bar det ut på sjøen igjen. Men sjølv om krigen var ferdig med sjøfolka, var ikkje sjøfolka ferdige med krigen.

Vonde kveldar og netter

Krigsseglarar

Krigsseglarane vitne til ei bombe til sjøs. Dette var kvardagskost for norske sjømenn under krigen.

Foto: Wikipedia Commons

Forfattar og tidlegare sjømann, Odd Bergo, hugsar sitt møte med krigsseglarane då han blei gammal nok til å dra til sjøs. Han mønstra på like etter krigen.

– Eg jobba oppe på brua og var oppe om kveldane og nettene. Då snubla eg gjerne i to-tre personar som hadde problem med å ligga i køyene sine nede i båten. Dei følte seg innestengde og la seg på båtdekket. Så lenge dei var på jobb var det heilt greitt, det var fritida og nettene som var vonde, fortel han.

Sverre Johan Haga klarte seg godt og er i år 94 år. Men sjølv om han som krigsseglar har fått fleire utmerkingar, føler han berre at han har gjort plikta si.

– Eg har aldri følt meg som nokon helt og det er eg ikkje heller. Eg berre drog til sjøs og gjorde plikta mi.

Forfattar Skarsten er av ei anna oppfatning.

– Både dei som segla utanriks, dei som var i marinen og ikkje minst dei som segla her heime og haldt Noreg i gang, er heilt klart heltar.