Hopp til innhold

Politiet passar ekstra på under Blinkfestivalen

Sjølv om politiet nå gradvis trappar ned beredskapen vil politiet i Rogaland vera ekstra bemanna når verdas ski- og skiskyttarelite kjem til Sandnes på torsdag.

Blinkfestivalen 2010

BLINK 2010: Øystein Pettersen vant herrenes 15 km fristil under Skifestivalen Blink i Sandnes 2010. F.v. Simen Østensen, Øystein Pettersen, Josef Wenzl og Petter Northug jr.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

I går fekk alle politidistrikt ordre om at dei gradvis skal trappa ned beredskapen sin i samanheng med terrortrugselen mot Norge. Korleis nedtrappinga skal skje er opp til kvart enkelt distrikt.

Assisterende stabssjef Håkon Strand i Rogaland politidistrikt

Assisterande stabssjef, Håkon Strand, i Rogaland politidistrikt seier at politiet vil vera ekstra bemanna under Blinkfestivalen i Sandnes.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I Rogaland starta nedtrappinga i dag.

– Me vil halda oppe ein forsterka grensekontroll og ei generell væpning. Elles i politidistriktet vil me frå i dag byrja med å trappa gradvis ned på bemanninga, seier Leif Ole Topnes, konstituert politimeister i Rogaland politidistrikt.

Northug og Bjørgen

Likevel tar politiet ingen sjansar når stjerner som Petter Northug jr. og Marit Bjørgen kjem til Sandnes og Blinkfestivalen på torsdag.

– Me passar ekstra på under arrangement som Blinkfestivalen. Då vil me ha meir politi ute, enn det me har hatt tidlegare år, seier assisterande stabssjef, Håkon Strand, i Rogaland politidistrikt.

Blinkfestivalen er verdas største skiarrangement, som skjer om sommaren, og det er venta at 40- til 50.000 publikumarar vil ta turen for å sjå på. Dagleg leiar for festivalen, Odd Langhelle, seier at tryggleiken er godt teken vare på under festivalen, men ser berre positivt på at politiet passar ekstra på.

– Det er bra at politiet prioriterer å stilla opp og gjer det ekstra trygt på Blink, seier han til NRK.no.

Han legg til at dei har ein tett dialog med politiet.

– Eg kjem frå møte med politiet nå, og me har eit svært godt samarbeid. Utanom politiet si ekstrabemanning har me frivillig vakthald og innleigd vakthald. Denne bemanninga er den same som før terrortrugselen blei varsla på torsdag, seier Langhelle.

Utanom dette seier han at dei berre må passa på å vera ekstra på vakt. Likevel er han viss på at det blir ein trygg og god festival, og han oppmodar folk om å koma og kosa seg.

– Framleis i stand til å skalera opp

Sjølv om politiet elles trappar ned, opplyser Strand at dei ikkje kuttar tvert av.

Politiet sine tiltak vil frå tysdag i større grad dreia seg om etterretning og analyse, og grense- og utlendingskontroll. Dei nasjonale beredskapsressursane vil framleis halda oppe sin beredskap i samsvar med ressursar frå Forsvaret.

– Politiet er framleis i stand til å skalere opp om situasjonen skulle tilsei det, seier Strand.

Sjef for Politiets tryggingsteneste, Benedicte Bjørnland, sa søndag dette om trugselen mot Norge:

– Situasjonen er framleis uavklart, og PST jobbar med stor intensitet for å få den avklart.

Trugselbilete har ikkje endra seg sidan sundag.