NRK Meny
Normal

Vil stenga symjehallen for nabokommunen

Sprengt kapasitet gjer at barn i symjeklubbar i Sandnes rømmer til Ålgård for å få tilgang til basseng. Det vil Ålgård svømmeklubb setja ein stoppar for.

Strid om symjehall.

VIDEO: Lange ventelister og fulle basseng er realiteten for fleire symjeklubbar i regionen. I Gjesdal reagerer dei på at Sandnesbarn opptar symjehallane. Foto: Thomas Ystrøm/NRK.

– Eg synst det er veldig gøy å symja, og så er det gøy å hoppa frå stupebrettet, seier Benjamin Lomeland (7).

Han står ute i gangen i Ålgård svømmehall. Helst skulle ha vore på symjeundervisning. Men det er ikkje plass til sjuåringen i bassenget.

– Det er ikkje så kjekt, innrømmer han.

500 på vent

Benjamin Lomeland

Benjamin Lomeland (7).

Foto: Thomas Ystrøm

Mens Benjamin må venta på plass i Ålgård svømmeklubb, er det plass til mange barn frå nabokommunen Sandnes.

Der er kapasiteten sprengt – med over 500 barn på vent. Mange vel å ta turen over kommunegrensa.

– Når ventelistene aukar og det blir fleire og fleire, vil me kanskje i framtida ha fleire frå Sandnes enn Gjesdal her, seier leiar i Ålgård svømmeklubb, Sigrid Skurve.

Sigrid Skurve

Sigrid Skurve, leiar i Ålgård svømmeklubb.

Foto: Thomas Ystrøm

Oddvar Lomeland er far til Benjamin. Han reagerer på at sonen ikkje får symjeundervisning i bassenget på Ålgård.

– Dette er ein bygning kommunen må ta utgiftene for. Då synst eg ikkje det er heilt rett, seier han.

Vil endra reglane

Ålgård svømmeklubb vil nå endra inntaksreglane, og prioritera eigne innbyggarar. I dag er einaste kravet for å delta i symjeundervisning at du er medlem i den lokale symjeklubben, ikkje at du bur i kommunen.

Rune Røksund

Rune Røksund, dagleg leiar i Rogaland idrettskrets.

Foto: Thomas Ystrøm

– Eg meiner me bør kunna lukka for Sandnes, seier Skurve i Ålgård svømmeklubb.

Men Idrettsforbundet seier tvert nei og viser til regelboka.

– Det er gale å møta barn og unge med kommunevåpen i staden for openheit og inkludering. Det einaste me krev for å vera medlem i eit idrettslag er at du har søkt om det og gjort opp kontingenten din, seier dagleg leiar i Rogaland idrettskrets, Rune Røksund.

Sender barna med godt samvit

Aina Eltervåg

Aina Eltervåg, forelder.

Foto: Thomas Ystrøm

Dermed kan det vera vanskeleg å endra dagens praksis, noko som gler foreldre og barn frå Sandnes.

– Me sender ungane til Ålgård med godt samvit. Me driv idrettslag på andre sida og der veit me at det kjem folk frå andre bygder, så det går begge vegar, seier Aina Eltervåg, mor til ei av dei som dreg frå Sandnes til Ålgård for å få symjeundervisning.

Men er det ein ting det er brei semje om, er det kva som er det beste løysinga for å sikra barn med gode symjeferdigheiter.

– Meir symjehallar. Det er eigentleg ikkje noko anna løysing. Alle bør få eit tilbod om å symja, seier Sigrid Skurve i Ålgård svømmeklubb.