NRK Meny
Normal

Vil stemma mot eiga regjering

Stortingsrepresentant Trond Lode (Sp).

Forsvarets operative ledelse og NATO på Jåttå i Stavanger
Foto: NRK

Stortingsrepresentant Trond Lode frå Senterpartiet ønskjer å stemma imot si eiga regjering når forsvarsplanen skal bli vedtatt i Stortinget.

Fredag blei det brot i forsvarsforhandlingane, og det betyr at både Jåttå og Madlaleiren blir lagd ned.

- Eg er svært lite komfortabel med å stemma for ei nedlegging, og eg ønskjer å stemma mot regjeringa sitt forslag, seier Trond Lode frå Senterpartiet.

Stortingspolitikarane frå Arbeidarpartiet og SV på Rogalandsbenken vil óg be om møte med sine partileiingar for å diskutera saka.