Vil skrote ordet «utviklingshemma»

Sjølv om ein treng litt meir hjelp enn dei fleste, er det ingen menneske som ikkje utviklar seg, meiner Johannes Tveitnes. Nå vil han fjerne ordet «utviklingshemma».

Johannes Tveitnes

Ordet «utviklingshemma» stiller folk i feil lys, meiner Johannes Tveitnes. Meininga hans har blitt ei sak for politikarane.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Då eg søkte jobb, stod det at ein skulle vere ufør og utviklingshemma. Eg synest eg blei framstilt i feil lys med det ordet, seier Johannes Tveitnes.

I ei sak om jobben som vaksinevert i Sandnes, kor Tveitnes blei intervjua i mars, blei ordet utviklingshemma brukt om menneska i arbeidsordninga Helt med. Nå vil Tveitnes ordet til livs. Og han har fleire med seg, seier han.

– Sjølv om ein strever meir enn dei fleste, betyr ikkje det at ein ikkje utviklar seg. Alle utviklar seg, men i ulik takt, seier han.

Spørsmål på Stortinget

Synspunkta er blitt ei sak på Stortinget. Stortingsrepresentant Hege Haukeland Liadal (Ap) har sendt eit skriftleg spørsmål om ordbruken. Opphavleg blei det sendt til helseministeren, men det er Kultur- og likestillingsminister Abid Raja som skal ta seg av slike spørsmål.

Johannes Tveitnes i NRK si morgonsending i Rogaland 20. april.

Liadal bruker nemninga «psykisk utviklingshemma» i spørsmålet, men Tveitnes vil ha vekk heile omgrepet.

– Utviklingshemma sender eit signal om at ein klarer mindre enn ein kan. Eg synest vi heller kan bruke namnet om ein person. Vi er alle menneske, og nokre har litt meir behov for hjelp. Så kva med å bruke menneske med behov for litt ekstra hjelp? føreslår Tveitnes.

Ifølgje Raja jobbar regjeringa med ei stortingsmelding om temaet.

– Regjeringa vil sette ned eit utval som skal utrede korleis vi kan sikre eit samfunn som gir rom for mangfald og annleisheit, skriv statsråden i svaret.

Johannes Tveitnes og Hanne Kluge

Johannes Tveitnes og Hanne Kluge, jobbspesialist i Helt med. Ho meiner også at ordbruken kan bli betre.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Tveitnes får støtte frå Helt med, eit jobbtiltak som har utviklingshemma i forklaringa om kven dei skal jobbe for å få ut i arbeidslivet.

– Eg er veldig einig med han. Korkje han eller andre er hemma i å utvikle seg, seier Hanne Kluge, jobbspesialist i Helt med.

Ho ser fram til ei endring, men ser ikkje vekk frå at det kan ta tid når det handlar om eit ord innanfor språkbruk om diagnostisering.

«Lov» i NRK

NRK sin publikumsservice registrerer alle typar meldingar om NRK sitt tilbod på TV, radio og nett. I rapportane herfrå er ordet å finne fleire gonger.

«Psykisk utviklingshemmet: si heller folk med bistandsbehov», er ei av meldingane. «Det er i dag så diskriminerende og utvanna at det er ubrukelig», skriv ein annan om «utviklingshemming».

Johannes Tveitnes trivs i jobben i Sandnes kommune. Her jobber han som vaksinevert. Han har fått jobb gjennom kommunen gjennom organisasjonen «Helt med».

Johannes Tveitnes jobbar i Sandnes som vert for eldre som skal ta koronavaksine. Jobben har han fått i prosjektet Helt med, eit prosjekt som har ordet utviklingshemming i sjølve forklaringa om kven dei jobbar for.

Foto: Arild Eskeland / NRK

NRK har språklege retningsliner for dei over 3000 tilsette, mellom anna «NRKs ordliste på funksjonshemmetfeltet». Her er ordet utviklingshemma merka grønt, altså er det innanfor å bruke. Vel å merke ikkje saman med psykisk, men åleine.

Ifølgje språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen, er ordlista nå under revidering. Ho vil ikkje forskottere noko, men ser ikkje vekk frå at NRK sin språkbruk på feltet kan endre seg.

Karoline Riise Kristiansen

Språksjef i NRK, Karoline Riise Kristiansen.

Foto: Thomas Brun / Thomas Brun

– Språk forandrar seg over tid. Språk er også veldig individuelt. Det som kan vere ok for nokon, behøver ikkje vere det for alle, seier ho.

– Meit enn eitt ord

NRK har med seg eit brukarråd med representantar frå ni ulike organisasjonar for funksjonshemma. Initiativet til ordlista kom i si tid herfrå.

Inntil den nye ordlista er klar, er Kristiansen opptatt av at NRK ikkje skal plassere menneske i grupper, noko som fort blir stigmatiserande for enkelte.

– Når ein seier at ei gruppe er noko, inkluderer dette alle. Korleis vi omtaler folk er sterkt knytt til identiteten deira. Viss ein i staden seier at nokon har noko, blir personen meir enn berre dette eine ordet. Utover diagnose eller eit medisinsk omgrep er ein Kari, Pål, Espen og Petter, seier ho.

NRK bør spørje personar som blir intervjua, korleis dei vil bli omtalt. Det er til tilfella ingen er intervjua ein må ha retningsliner, ifølgje språksjefen.

– Språk er levande. Vi kan ikkje lage ei liste i 2015 som kan leve til 2025. Det er viktig at slikt blir sett på med jamne mellomrom, seier ho.

Språkrådet: – Folkeskikk og sunt folkevit

Tom Tvedt er president i Norges forbund for utviklingshemmede. Trass namnet på forbundet gir han Tveitnes full støtte, og vil ta med seg debatten vidare i organisasjonen.

– I saka om han er han vaksinevert, og ein treng ikkje nemne at han òg er utviklingshemma, seier han.

Åse Wetås

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Åse Wetås er direktør i Språkrådet.

– Når Tveitnes meiner dette, er han verd å lytte til. Arbeidsgjevarar ber til dømes nokre gonger spesielt personar med funksjonsnedsettingar om å søke ein jobb, fordi ein ønsker eit meir mangfaldig og inkluderande arbeidsliv, seier ho.

Å endre ein ordbruk eller eit ord er likevel meir enn at Språkrådet berre bestemmer noko. Ho ønsker debatten varmt velkomen.

– Tveitnes kan reise debatten og vere med på å foreslå andre ord som er meir dekkande, og ikkje blir opplevd som reduserande. Ein må høyre med dei som blir omtalt. Vi trur det er viktig å appellere til folkeskikk og sunt folkevit i slike saker, seier ho.