Hopp til innhold

Vil skapa 10000 jobbar - på ei veke

– Dei som ikkje har lagt merke til oss har ikkje vore vakne på vegen til jobb i dag.

Strømmestiftelsen aksjonerte i morgenrushet i Stavanger.

Strømmestiftelsen haldt årets Jobbskapar-kampanje i Stavanger i dag.

– Dette er veldig aktuelt. Mange her i regionen kjenner nok på håpløysa ved det å ikkje ha arbeid. Då er det nok ekstra lett å ha sympati med dei som ligg i botn av

Jobbskapermannen

Gunnar Bjorland er representant for Strømmestiftelsen.

Foto: Erik Waage / NRK

alle dei rangeringane som me toppar, seier Gunnar Bjorland.

Bjorland representerer Strømmestiftelsen, og dette er årets Jobbskapar-kampanje. Han har hatt ei travel natt.

– Eg har sprunge rundt i rosa superheltantrekk og badehette, i Tjensvollkrysset og Madlaveien, saman med 150 frivillige frå Solborg folkehøgskule og masse rosa ballongar.

Jobbane skal skapast blant dei fattigaste menneska i verda, hovudsakleg i Asia og Afrika. Dei skal skapast av lokalbefolkninga i Stavanger og Sandnes.

Får hjelp av ambassadørar

– Me er ein gjeng frå næringslivet som støtter det Strømmestiftelsen prøver å få til med Jobbskapar-kampanjen, og me vil bruka nettverka våre for det dei er verdt, og få folk til å stilla opp, seier ambassadørar Terje Eide.

jobbskapar

Elevar frå Solborg folkehøgskule sørga for å vekka bilistane med bodskapen sin.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Kva skal til for å skapa jobbar i desse områda?

– Det er nettopp det fantastiske, at det skal så lite til. Om eg gjev 250 kroner i månaden så skaper eg faktisk fem jobbar i løpet av eit år, så det skal veldig lite til for å få dette til.

Eide trur jobbsituasjonen lokalt kan vera med på å vekka solidaritet i folk, og håper på bidrag frå både private og bedrifter.

– For oss er det enkelt å hjelpa om me vil

– Dersom me får 2000 personar til å bli jobbskaparar, og bidra med 250 kroner i månaden, så klarer me å skapa 10000 nye jobbar innan klokka 20.20 neste søndag, seier Eide.

kampanjen byrja i fjor, og blei kåra til årets innsamlingskampanje på landsbasis.

– Me håper på like god respons som i fjor, seier Bjorland, og legg til at dei som har lyst å bidra kan gå inn på heimesida til Strømmestiftelsen og registrera seg.