Hopp til innhold

Vil senda yrkessjåførar på brannøving

Ein av landets fremste ekspertar på tunnelbrannar meiner alle yrkessjåførar bør delta på brannøvingar i tunnel.

148 tunneler her til lands oppfyller ikke sikkerhetskravå - og manglende sikkerhet kan være fatalt dersom det oppstår brann. En av landets fremste eksperter på tunnelbranner mener nå at alle yrkessjåfører bør delta på brannøvelser.

SJÅ REPORTASJEN: Yrkessjåførar må på kurs! Det meiner ein av Norges fremste ekspertar på tunnelbrannar.

Denne veka skjedde det igjen: ein buss tok fyr i Gudvangatunnelen i Sogn og Fjordane, berre to år sidan ein lastebil brann opp i same tunnel.

– Yrkessjåførane er sentrale

Per Arne Lindvik

BRANNEKSPERT: Per Arne Lindvik

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Seniorrådgjevar Per Arne Lindvik ved Teknologisk Institutt er ein av landets fremste ekspertar på tunnelbrannar. Han meiner yrkessjåførar bør vera med på brannøvingar i tunnelar for å vita meir om kva dei skal gjera om ulukka er ute.

– Dei er sentrale i dette her. Dei køyrer store, tunge bilar og dei er ei gruppe som det går an å få samla, seier han.

Han har hatt over 50 øvingar i store tunnelar, og veit veldig godt kor alvorleg ein slik brann er.

– I Noreg har me to typar tunnelar: det er tunnelar med eitt løp og det er tunnelar med to løp. I toløpstunnelar finst det ein rømmingsmoglegheit, fordi ein kan gå over i det andre løpet der det ikkje er brann. I eittløpstunnelar har ein ikkje den moglegheita, då blir det alvorleg.

– Hadde vore ei god erfaring

Frode Skogøy

SKULLE GJERNE VORE PÅ BRANNØVING: Yrkessjåfør Tore Skogøy.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Yrkessjåfør Frode Skogøy er skremd over tunnelbrannane som har vore, og skulle gjerne vore med på ei slik øving.

– Eg har aldri øvd på tunnelbrann, men eg hadde gjerne vore med. Eg hadde blitt ei erfaring rikare, og fått vita litt om kva ein skulle gjort i ein slik situasjon, seier Skogøy.

Tunnelbrann
Foto: NRK