NRK Meny
Normal

Vil samla Vestlandet til eitt filmrike

Fleire krefter ønsker at Rogaland skal bli ein del av Filmfondet Fuzz i Bergen. – Først då blir Vestlandet eit skikkeleg alternativ til filmiljøet i Oslo, seier fylkesordførar i Bergen, Tom-Christer Nilsen (H).

Skumringslandet

Bilete er henta frå rogalandsfilmen Skumringslandet, som hadde premiere i 2014.

Foto: Skumringslandet

– Vestlandet har naturen, så det er ikkje tvil om at det er nok av flotte filmlocations her, seier Arbeidarpartiets ordførarkandidat i Haugesund, Arne Christian Mohn.

I slutten av mai presenterte kulturminister Thorhild Widvey filmmeldinga, der det blei slått fast at regjeringa vil styrka satsinga på filmproduksjon utanfor Oslo ved å styrka dei regionale filmfonda og filmsentera.

Vil styrka Vestlandet

Petter Steen jr., Thorhild Widvey og Gunnar Johan Løvvik

Ordførar Petter Steen i Haugesund, saman med kulturminister Thorhild Widvey, under fjorårets filmfestival i Haugesund.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Då er det best om Vestlandet blir samla til eitt filmrike, meiner mellom anna Høgre og Arbeidarpartiet i Haugesund. Per i dag er nemleg Rogaland åleine med filmfondet Filmkraft, medan Fuzz i Bergen er filmfond for Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Nå er det på tide å slå dei saman for å styrka Vestlandet som filmmiljø, seier ordførar Petter Steen (H).

Han viser til at Nord-Norge nett har fått til dette.

Kontakten er allereie oppretta

– Fuzz i Bergen har gjennom mange år vist at dei har suksess og er fantastisk dyktige. Dei har vore veldig flinke til å henta inn både offentleg og privat kapital, held Haugesund-ordføraren fram.

Og Filmkraft i Stavanger er ikkje framand for tanken.

– Me har allereie vore i kontakt med Fuzz og er godt nøgde med denne tanken. Sjølv om me trivst godt åleine er det veldig fint med samarbeidspartnarar. Det må vera litt gi og ta frå begge partar, seier Dagleg leder Elisabeth Dahl i Filmkraft Rogaland.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i Hordaland meiner fusjonsforslaget er fornuftig.

– Dersom me skal få til eit skikkeleg alternativ til Oslo sitt filmmiljø, få fram vestlandsstemmene og vestlandsnaturen så trur eg det er viktig at me jobbar saman. Då er det fornuftig å sjå på strukturar som samlar mest mogleg kompetanse i dei organisasjonane me allereie har, seier Nilsen.

Lokale filmskaparar NRK har snakket med fryktar det vil bli enda vanskelegare å få støtte til filmar dersom avgjerslene skal bli tekne i Bergen. Ein skepsis Elisabeth Dahl i Filmkraft Rogaland ikkje deler.