NRK Meny
Normal

– Riv utandørsscena på Lundsneset

– Det er ei skam at utandørsscena på Lundsneset i Stavanger forfell og ikkje blir brukt, det meiner Frps Leif Arne Moi Nilsen, som helst vil rive heile scena.

Moi Nilsen på Lundsneset

Gruppeleiar for Stavanger Frp, Leif Arne Moi Nilsen, er sjokkert over tilstanden på utandørsscena på Lundsneset.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Her er ein planke, den er plukkroten. Den er jo rett og slett farleg. Nei, dette er eit St. Hans-bål, seier gruppeleiar for Stavanger Frp, Leif Arne Moi Nilsen.

Han er sjokkert over tilstanden på utandørsscena på Lundsneset, og Frp-politikaren meiner at det er på tide å rive heile scena.

– Det er jo ròte, og det er ikkje vits i å begynne og lappe på det ein gong. Få det vekk!

Bygd til kulturåret

Utandørsamfiet på Lundsneset på Hundvåg i Stavanger blei bygd i samanheng med 2008-arrangementet "Eventyr i landskap", det året byen var europeisk kulturhovudstad.

Men etter kulturbyåret har interessa for å bruka utandørsamfiet vore liten, og dei store arrangementa har vore få. Og nå er scena altså i ferd med å rotna vekk.

Scena på Lundsneset

Ein av plankane på scena på Lundsneset.

Foto: Magnus Stokka / NRK
Scena på Lundsneset

Fleire av plankane har rotna.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Misbruk av pengar

Scena kosta to millionar kroner å byggje, og Moi Nilsen meiner det har vore eit misbruk av skattepengar.

– Viss du ser det i forhold til den krisa som ein seier at Stavanger nå er i, så viser jo dette berre kor pengane våre har gått. Det er trist og det er tull. Det er misbruk av skattemiddel. Slik som det står nå så er det ei stor skam, rett og slett eit hån.

– Det er for gale

Også turgåarane på Lundsneset reagerer på at amfiet nærmast ikkje er i bruk og står til forfall.

– Det er ikkje bra, den må jo brukast. Dei må finne på noko nytt, vera litt kreative, seier ein turgåar.

– Eg synst at det er for gale. Eg går mykje tur her og eg ser på materiellet som rotnar. Det kunne jo ha blitt brukt til mykje eigentleg, spanande ting, seier ein annan.

Artikkelen held fram under bilete

Lundsneset

Slik ser amfiet på Lundsneset ut i dag.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Visste ikkje at det var så gale

Det var Rogaland Teater som foreslo utandørsamfiet på Lundsneset. I dag er det Stavanger kommune som har ansvaret.

Ingjerd Bratterud

Fungerande park- og vegsjef i Stavanger kommune, Ingjerd Bratterud, var ikkje klar over den dårlege tilstanden.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Fungerande park- og vegsjef i Stavanger kommune, Ingjerd Bratterud, var ikkje kjent med den dårlege tilstanden på utandørsscenen før NRK orienterte ho om det.

Ho seier kommunen nå umiddelbart kjem til å sjekka saka.

– Å fjerne heile scena kan vera aktuelt dersom den er i ein slik stand at den ikkje bør vera der ute, seier Bratterud.

Ho understrekar likevel at sjølve amfiet er i bruk lokalt i dag, sjølv om det går lang tid mellom dei store arrangementa.