NRK Meny
Normal

Vil prioritera pendlartrafikk framføre lyntog

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har nærmast gjort det til vane å leggja ut på synfaringsturar med statssekretærane sine. I dag tar han toget frå Oslo til Stavanger, men det er først og fremst den lokale togtrafikken han vil kjempa for.

Ketil Solvik-Olsen

I to dagar skal den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet ut og oppleve så mykje jernbane som mogleg. I morgon skal ministeren ta toget mellom Bergen og Oslo, medan andre i departementet skal køyra tog mellom frå Trondheim til hovudstaden.

Allereie før samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen hadde sett seg på toget frå Oslo til Stavanger i dag tidleg var den politiske bodskapen hans klar.

– Tog egnar seg godt til pendlartrafikken til og frå jobb kvar dag, og til godstrafikk når ein skal ha meir gods vekk frå vegane. Dette er fordelane til jernbanen som me ønsker å forsterka, seier Solvik-Olsen til NRK.no.

Saman med fagfolk frå NSB og Jernbaneverket skal han sjå på ulike utfordringar langs togstrekket.

– Eg gler meg til dette. Ruta kjenner eg godt frå då eg gjekk i militæret. Målet er å henta inn erfaringar om kva me må gjera av investeringar og ikkje minst kva som trengst av vedlikehald og betringar.

Pendlartrafikken viktigast

Men det blir altså ikkje problemstillingar som sein trafikk gjennom Drangsdalen ministeren er oppteken av når han i dag flyttar kontoret sitt inn ei av NSB sine passasjervogner på Sørlandsbanen.

– Drangsdalen er eit velkjend problem, og på sikt har me eit mål om å binda dei store byane betre saman med jernbane, men ein stad må ein byrja, derfor byrjar me først med pendlartrafikken, den reisa du tar 200 gonger i året, seier han.

Han trekk fram Jærbanen mellom Egersund og Stavanger, og toga rundt Oslo, Trondheim og Bergen som viktige satsingsområde.

Vil ha betre mobildekning

– Me har allereie brukt ein del pengar for å få fleire avgangar. Me har sett fart i prosessen med oppgraderinga av ein del perrongar på Jærbanen, slik me kan byrja fem til seks år tidlegare enn planlagt og koma raskare i gang med doble togsett, seier han.

Det mest konkrete han kan seie om strekket mellom Oslo og Egersund, er at han ønsker seg betre dekning på telefonen.

– Skal me få folk over på tog så er dette viktig. Eg håper at me snart kan koma med gode nyheiter saman med NSB, Telenor og andre teleoperatørar på dette feltet, seier han.