NRK Meny
Normal

Privat firma vil ta i bruk DNA-teknologi for å påvisa borrelia-smitte

Dei vanlegaste metodane for å avdekka borrelia-smitte er ikkje presise nok, ifølgje det private laboratoriet Gena i Stavanger.

En flått fotografert på Folkehelseinstituttet i Oslo

Flått er kjend som den verste smittespreiaren i dyreriket. Til menneske overfører den ei rekkje farleg sjukdomar som borreliose, ehrilchiose og skogflåttencefalitt.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Ragne Kristin Farmen

Ragne Kristin Farmen er dagleg leiar ved det private DNA-laboratoriet Gena i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Når det har stått så mykje om flåttsjukdomen borreliose i media dei siste åra, kan dette rett og slett vera ein reaksjon frå samfunnet på at det skjer ei underdiagnostisering med metodane som i dag blir brukt.

Dette seier dagleg leiar Ragne Kristin Farmen i det private laboratoriumet Gena i Stavanger. Her har dei utvikla eit testsystem for å påvisa borrelia-smitte, som blir overført til menneske via flåttbitt.

– Det er alltid viktig at me søker nye metodar og betre måtar å testa på, dette for å gje ei betre teneste til folk, held ho fram.

Har søkt om å få testa metoden på humane blodprøvar

– Me sett blodprøvane inn i ei maskin, som kopierar opp DNA frå borrelia-bakteriar. Her kan me sjå kor mykje det er av bakterien i blodprøven med ein såkalla real-time PCR-analyse, forklarar Farmen.

Det er førebels ein testmetode, men det private DNA-laboratoriet har nå søkt REK (Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk) om å få lov til å analysera prøvar der det er mistanke om borreliasmitte.

Frå før er det berre Sjukehuset i Vestfold og Sørlandet Sjukehus som analyserer slike prøvar ved hjelp av DNA-teknologi.

– Me har brukt mykje tid på å utvikla ein metode, derfor søker me nå om å få testa metoden ut på humane prøvar. Dersom me får dette til kan me allereie til hausten byrja å testa folk, seier den daglege leiaren.

Omlag 300 personar i landet får påvist borreliose, eller flåttsjukdom, kvart år. Men mørketale er store, ifølge Farmen i Gena. Derfor er det viktig med gode metodar for å påvisa sjukdomen.

– Nok tilbod i det offentlege

Det finst eit tjuetals offentlege laboratorium som gjennomfører borrelia-analysar i dag. Det er nok, sjølv om berre to tar i bruk DNA-metoden, meiner avdelingleiar og overlege ved Sørlandet sjukehus, som husar det nasjonale flåttsenteret, Sølvi Noraas.

– Me er ganske godt dekka i Norge slik som det er nå med om lag 20 labratorium, seier Noraas.

– Men det er få som nyttar DNA-teknologi. Er det grunnlag for å seia at denne metoden er best?

– DNA-analyse er til dømes det beste å bruke dersom det er snakk om leddbetendelse, noko det eigentleg er nok kapasitet til i dag. Likevel kunne det kanskje vore eitt laboratorium i kvar helseregion, seier Noraas.

Men Farmen i Gena er i ikkje like overbevist om at dei offenlege flått-testane er gode nok i dag.

– Mange meiner at metodane som blir brukt i det offentlege er for upresise, seier ho.