Hopp til innhold

Vil påleggje kommunar å ta i mot gamle båtar

Regjeringa lova ei vrakpantordning for fritidsbåtar før sommaren. Nå kjem den mot slutten av båtsesongen. Da skal det ikkje kosta noko å kvitta seg med båten.

Kjell Inge Svendsen

Gründer av bedrifta Ecofiber i Stavanger, Kjell Inge Svendsen, er klar for å ta imot utrangerte fritidsbåtar frå heile landet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det vil ikkje nødvendigvis vera vrakpant som me kjennar det frå biler, men kommunane skal ha plikt til å ta i mot avskilta båtar, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Regjeringa varslar at ordninga skal bli gjeldande frå slutten av årets båtsesong. Helgesen var i dag på besøk hos bedrifta Ecofiber. Dei hadde store forventningar til besøket.

Vidar Helgesen

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H).

Foto: Kirsti Haga Honningsøy / NRK

– Med ein vrakpantordning som til bilar ville risikoen vore stor for at me hadde fått inn mykje polske og baltiske småbåtar til Noreg. Det er ikkje hensikta, men å rydje opp i norske farvatn, seier ministeren.

Dermed bler ikkje ordninga som mange hadde trudd. I tillegg er den forseinka.

– Ein viss gulrot burde det vere for at Hansen, Pettersen og Olsen skulle levera inn båtane sine, seier prosjektleiar i Norboat Erik Brauner.

Store forventningar til statsrådsbesøk

Ein annan som er meir enn klar for ei vrakpantordning for fritidsbåtar er grunnleggaren av bedrifta Ecofiber, Kjell Inge Svendsen.

Bedrifta med fire tilsette kvernar opp og gjenvinn utrangerte fritidsbåtar i ein gammal industrihall i Jåttåvågen i Stavanger. Sluttproduktet blir brukt som armering i betongprodukt.

Tysdag fekk altså Svendsen besøk av miljøministeren. Han vart spent før besøket.

– Eg har store forventingar til besøket. Regjeringa har lova at dette er ei prioritert sak og nå er sommaren godt i gang.

Kjell Inge Svendsen

Grundar av bedrifta Ecofiber, Kjell Inge Svendsen, håpar på fortgang for returordninga for fritidsbåtar.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Stort miljøproblem

Han er ikkje i tvil om at gamle fritidsbåtar er eit stort miljøproblem. Kvart år «forsvinn» fleire tusen fritidsbåtar i Norge, anten ved at dei blir sokke i vatnet, brent på bål, eller sett igjen der det måtte passa eigaren.

Berre eit fåtal blir leverte til godkjente mottak.

– Det ligg ein del tusen fritidsbåtar rundt om i landet. Mange er ikkje synlege og ligg på havbotnen.

Utrangert fritidsbåt

Fritidsbåtar på 14–15 fot er dei vanlegaste typane som går til gjenvinning hos Ecofiber.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ifølge gründeren viser testar frå Universitetet i Stavanger gode resultat på produktet dei lagar av den kverna glasfiberen.

Men med ei varsla vrakpantordning for fritidsbåtar i 2017, er det mange som ventar med å skrota båten. For Ecofiber sin del hastar det derfor med å få fortgang på ordninga.

– Me har eit bra lys i tunnelen. Me har vore med på høyringsrunden og gitt våre utsegner om saka, og er veldig positive til at ting er på rett veg. Men eg skulle sjølvsagt ønska dette var i gang alt nå, seier Svendsen.

– Komplisert ordning

Iselin Nybø

Stortingsrepresentant Iselin Nybø (V).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det var Venstre som fekk inn vrakpantordninga i budsjettforhandlingane i haust. Stortingsrepresentant Iselin Nybø hadde derfor håpa at ordninga var på plass før sommaren.

Samtidig understrekar ho at det er ei komplisert ordning å innføra, mellom anna med tanke på at mange fritidsbåtar i dag ikkje er registrerte.

– Me forstår derfor at dette tar litt tid. Men me ønsker at dette kjem på plass raskast mogleg, og at ordninga fungerer både for privatpersonar som skal kvitta seg med båtane og for dei som skal driva næring av dette.