Rådmann i Sandnes kommune, meiner det er eit konstruktivt forslag å øyremerkt ein eventuell eigendomsskatt.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK– Det er veldig problematisk for skulane som allereie har kutta ned til beina. Så alle kutt som skjer frå nå av vil ramma undervisingssituasjonen til barna og arbeidsmiljøet til lærarane, seier leiar i foreldreutvalet i kommunen, Mannfred Frian Årsnes.
- Les òg:
Det var på tampen av oktober Sandnes-rådmann Tore Sirnes la fram eit svært stramt budsjett, med kutt på heile 60 millionar kroner. Skuleetaten måtte ta sin del av kuttet, og i forslaget gjekk det fram at 40 lærarårsverk vil bli fjerna frå skulestart 2012.
Øyremerkt til nedbetaling av gjeld
Nå ser foreldreutvalet på måtar ein kan unngå dei kraftige kutta på:
– Om me kunne øyremerkt eigendomsskatten til å betala ned renter og gjeld. Då kan Sandnes bruka eigendomsskatten på ein fornuftig måte, i staden for å la det gå rett inn i budsjettet, seier Frian Årsnes.
Sandnes har ikkje innført eigendomsskatt, men ordførar Stanley Wirak frå Arbeidarpartiet ønskjer å få den omdiskuterte skatten.
Likar forslaget
Rådmannen likar forslaget frå foreldreutvalet:
– Det er eit konstruktivt forslag. Og det er klart at bystyret står fritt til å bruka desse pengane som dei vil. Dersom dei vil bruka det til nedbetaling av gjeld er det ingenting som hindrar dette, seier rådmann i Sandnes Tore Sirnes.
Han trur ei slik øyremerking av eigendomsskatten vil ha større politisk grobotn:
– Då vil parti som Høgre sjå at eigendomsskatten går til formål som gjer at den kanskje vil forsvinna over tid, seier Sirnes.
Jobbar med eigne budsjettforslag
Thor Magne Seland er leiar i Sandnes Høgre.
Foto: PrivatTil trass for at rådmann Sirnes trur Høgre vil lika forslaget, er ikkje leiar i Sandnes Høgre, Thor Magne Seland samd i det.
– Vi i Høgre har registrert det innspelet, og vi jobbar no vidare med å presentere vårt eige budsjettforslag saman med KrF og Venstre. Vi skal bruke dei neste vekene på å få det på plass, og vil ta med oss alle innspel, men det er nok ikkje eigedomsskatt som er Høgres løysning på utfordringane i Sandnes, seier Seland.
Kvifor ikkje?
– Før vi aukar skatte- og avgiftstrykket for våre innbyggjarar så vil vi ha ein gjennomgang for å sikre at vi driv kommunen best mogleg med dei ressursane vi har tilgjengeleg no, seier han.
– Må redusera utgiftsnivået
Pål Morten Borgli (Frp) er varaordførar i Sandnes kommune.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKFramstegspartiet er imot eigendomsskatt, og varaordførar i Sandnes, Pål Morten Borgli meiner heller ikkje det trengst i år.
– Den einaste resepten er å bruka mindre enn det kommunen tar inn. Det handlar om prioriteringar, og ein må heller tenkje på det enn å innføra nye utgifter for innbyggjarane, seier han.
Framstegspartiet i byen er også i gang med å utarbeida sitt alternative budsjettforslag.
– Det ser ut som vi skal finna fram til eit godt budsjett i Sandnes. Vi har ein relativt god kommune, og kommuneøkonomien er òg ganske bra. Har du ambisjonar om å bruka for mykje pengar melder behovet for økte inntekter seg, men det er ikkje sikkert det er det vi treng i Sandnes, seier Borgli.
– Dersom vi har ein langvarig situasjon der ein brukar meir enn det som er berekraftig må ein redusera utgiftsnivået. Det har vi klart å snu tidlegare, i perioden 2003 til 2007, og det er nok i dei banane vi må tenkje no, legg han til.