Hopp til innhold

Vil opprette mottak for søppelplast

Venstre sitt landsmøte ønskjer seg mange nye mottak for plastsøppel frå hav og strender. Og det skal vera gratis å levera plasten dit.

Plastavfall

Dei som gjer jobben med å hente inn plastsøppelet skal ha ein plass å kunne bli kvitt det.

Foto: Øyvind Hallvorsen / Vegvesenet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Politikarane på Venstre sitt landsmøte på Gardermoen er opptatt av kampen mot plastsøppelet i havet.

Der tar dei til orde for å oppretta nasjonale mottak rundt om i landet, som kan ta imot plastavfall.

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde meiner at kampen mot plastforsøpling er ein av dei viktigaste sakene for partiet Venstre.

Foto: Mari Halvorsen

– Både profesjonelle og friviljuge søppelplukkarar skal kunne levere plasten gratis til desse mottaka, seier leiar i Rogaland Venstre, Kjartan Alexander Lunde.

Vil bruke pengar på å rydde opp

Partiet ser også for seg å løyve meir pengar, slik at både friviljuge grupperingar og bedrifter kan søke om støtte til plastinnsamling i strandsona. Kor stor auken skal bli, vil ikkje Lunde seie noko om.

Plastavfall frå Ryfast-prosjektet

Små plastbitar frå skyteleidning er det mykje av i Ryfylkebassenget, etter mykje sprenging i samband med bygging av den undersjøiske Ryfast-tunnelen.

Foto: Rudolf Svensen / Naturvernforbundet i Rogaland

– Men i løpet av det siste året har Venstre fått til ei dobling i statsbudsjettet for kampen mot plast i havet, frå 100 til 200 millionar kroner, understrekar Lunde.

Gjennom «Strandryddedagen» har fleire tusen friviljuge rydda sine lokale strender både langs kysten og i innlandet.

I 2016 blei om lag 380 000 kilo søppel fjerna frå norske strender, og mesteparten av dette var plast.

Plast er gift

Landsmøtet har også sagt ja til at mikroplast frå nå av skal definerast som miljøgift.

– Desse ørsmå plastbitane kan me risikere at endar opp i drikkevatnet eller i skjella som finst langs kysten vår. Derfrå er vegen kort inn i menneskekroppen, seier Kjartan Alexander Lunde.