– Det har nok ein effekt.
Kristina Kvæstad er allereie elev ved Sauda vidaregåande skule, så ho er ikkje i tvil om kva ho hadde gjort viss nokon hadde tilbode henne 10.000 kroner for å gå på skulen.
– Då hadde eg sagt ja takk!
Det er nabokommunen Suldal som prøver å lokke ungdommane. For vel ikkje dei unge Sauda, reiser dei fort langt av gårde til Stavanger, Haugesund og Strand.
– Dette er eit forsøk på å snu trenden, seier Suldal-politikar Kari Vaage Gjuvsland (Ap).
Smelteverket Eramet Sauda vaker over bygda heilt inst i Ryfylke. Hjørnesteinsbedrifta er bekymra for rekrutteringa, og håper fleire ungdommar vil gå på den lokale yrkeslinja.
Foto: Jonas RødDette skuleåret valde 25 prosent av tiandeklassingane frå Suldal Sauda vidaregåande. I 2015 var talet heile 80 prosent. Kommunestyret vedtok torsdag at dei skal ha et eittårig prøveprosjekt der elevar som veljer skulen heilt inst i Ryfylke får 10.000 kroner.
Arbeidsstokken blir eldre
Grunnen er at næringslivet i Suldal og Sauda sårt treng fornying.
– Eramet Sauda kjem til å skifte ut bortimot halve arbeidsstyrken sin i perioden frå 2019 til 2029, så behovet for nyrekruttering er betydeleg, seier Erik Aareskjold, som er HR-sjef ved smelteverket Eramet Sauda, som er hjørnesteinsbedrifta i bygda.
Då passar det dårleg at det i haust berre var éin elev som søkte på linja for kjemi og prosess.
– På sikt betyr sjølvsagt det at bedrifta vår og andre bedrifter vil mangle lærlingar i kjemi prosessfag og andre sentrale fag, som til dømes industrimekanikar, seier han.
Steinbrotet til Norsk Stein i Suldal.
Foto: Magnus Stokka / NRKOgså i Suldal ser det mørkare ut framover.
– For augneblinken er lærlingsituasjonen veldig bra, men vi ser allereie til neste år at det kan bli litt problem, seier personalansvarleg Anne Tjordal i Norsk Stein i Suldal.
– Avhengig av kvarandre
– Kor viktig er Sauda vidaregåande for rekrutteringa?
– Skulen er veldig viktig. Eg tenker at heile næringslivet og yrkesskulen er veldig avhengig av kvarandre, seier ho.
Sauda vidaregåande skule.
Foto: Magnus Stokka / NRKNo håper politikarane at pengane skal sørge for at fleire vel yrkesfag slik at kjemi og prosess-linja kan starte opp igjen frå hausten 2020.
– Vi må tenke annleis, vi må satse på eigen skule, seier Ap-politikar Gjuvsland.