NRK Meny
Normal

Vil legga ned klassar på denne skulen

Lærarar ved Stavanger offshore tekniske skole reagerer kraftig på at to av klassane ved skulen kan bli lagde ned til hausten.

Stavanger offshore tekniske skole

Færre søkar seg til studieretningar ved Stavanger offshore tekniske skole som tradisjonelt har vore eit springbrett til oljeindustrien.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Me er djupt sjokkerte, seier lærar og tillitsvald ved skulen, Helen Ravnanger.

Det er berre ein dag sidan ho og dei andre lærarane ved Stavanger offshore tekniske skole fekk beskjeden om at dei to klassane på VG1 teknikk og industriell produksjon (TIP) kan bli lagde ned frå hausten av. Grunnen er fallande søkartal.

– Me har jobba veldig målretta for å få til eit godt arbeidsmiljø og trivsel for våre elevar. Og me har nådd måla våre, og me har høg gjennomføringsgrad – 100 prosent i fjor. Så me er djupt sjokkerte over at dei vel oss i denne omgangen, seier ho.

Helen Ravnanger

Helen Ravnanger, lærar og tillitsvald ved Stavanger offshore tekniske fagskole.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Eit steg mot oljejobb

TIP har vore ei populær studieretning for dei elevane som har hatt planar om å jobba i oljeindustrien, men no er det altså færre som søker seg dit.

I år har berre 14 elevar søkt seg til dei 30 plassane på Stavanger offshore tekniske skole, og det er også hovudårsaka til at fylkesrådmannen no føreslår å legga ned dei to klassane.

– Det var naturleg ut ifrå søkertala at ein av dei klassane skulle takast ned. Problemet er at me då hadde stått igjen med ein klasse på VG1, og då får me eit veldig tynt fagmiljø. Me ønskjer ikkje skular med så få klassar på VG1, seier seksjonssjef i opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune, Helge Eide.

Fleire skular

Men det er ikkje berre Stavanger offshore tekniske skole som opplever sviktande søkartal te TIP-faga. Godalen har berre fått 18 søkbare til sine 60 plassar, og Bergeland åtte søkarar til sine 30 plassar.

– Der er eit par andre skular som har så få søkarar at ein kanskje kunne lagt ned der også, men då er det andre omsyn som har vore med i vurderinga vår, seier Eide.

Det er politikarane i inntaksnemnda i fylket som til slutt avgjer om kuttforslaget blir ståande. Dei skal gjere eit vedtak fredag.

Vil stemma imot

I inntaksnemnda sitter Bjørn Sæstad (H). Han vil gå imot å leggje ned klassar.

– Vi er inni ein konjunkturnedgang, og eg trur at når svingingane begynner å gå opp igjen, vil behovet absolutt vere til stades. Det å legge ned tilbodet på Stavanger offshore tekniske skole er ganske enkelt, men det er mykje verre når vi skal begynne å bygge det opp att, seier han.

Ikkje uventa får politikaren støtte av lærar Ravnanger. Ho meiner kutta vil føre til tap av eit veletablert fagmiljø.

– Det er lett å avslutta, men det er ganske vanskeleg å bygge opp igjen eit slikt fagmiljø, seier ho.