Fleirtal for å legga ned Haugesundsruta

Det er politisk fleirtal for å legga ned Haugesundsruta, hurtigbåten mellom Haugesund og Stavanger.

Flaggruten

Fleirtalspartia vil legga ned Flaggruten mellom Haugesund og Stavanger.

Foto: Wikimedia Commons

10 av 15 representantar i samferdsleutvalet går i dag inn for å avvikla ruta frå 1. januar 2015.

Partia som stemmer for å avvikla ruta er Høgre, Frp, KrF og Helge Solum Larsen (uavhengig).

For få passasjerar er grunnen til at fylkesrådmann Trond Nerdal har føreslått å legga ned hurtigbåten mellom Haugesund og Stavanger.

Arbeidarpartiet, med Tom Tvedt i spissen, sa i går at dei vil stemma mot nedlegging av ruta.

Direktør Egil Severeide i Haugesundregionen Næringsforening har tidlegare reagert på at den einaste hurtigbåtruta mellom nord- og sørfylket blir føreslått lagt ned.

Han meiner ruta har blitt marknadsført for dårleg.

Artikkelen blir oppdatert.