Hopp til innhold

Vil jamstille solarium med tobakk og alkohol

Kreftforeininga trur eit forbod mot solarium-reklame kan få ned tilfelle av hudkreft. Med på laget har dei Forbrukarrådet og Legeforeininga.

Utanfor Brun og Blid ved Bryne stadion heng det ein svær reklameplakat. Det kan snart bli forbode.

Utanfor Brun og Blid ved Bryne stadion heng det ein svær reklameplakat. Brun og Blid-leiaren, meiner at dei allereie åtvarar kundane sine.

Foto: Marie Håland / NRK

Førre veke sende Kreftforeininga, Forbrukarrådet og Den norske legeforening brev til Helse- og omsorgsdepartementet.

I brevet ber dei om at det blir innført reklameforbod mot solarium.

– Noreg er nesten i verdstoppen når det gjeld tilfelle av hudkreft. Men i dei aller fleste tilfelle er hudkreft noko ein kan unngå, sidan det ni av ti gonger kjem av soling eller solarium, seier Camilla Gram, distriktssjef for Kreftforeininga i Rogaland.

Camilla Gram, Kreftforeningen

Distriktssjef i Kreftforeningen Rogaland, Camilla Gram, trur eit reklameforbod mot solarium kan hjelpe på å få ned tilfelle av hudkreft.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Får støtte frå legane

Om departementet ikkje ønskjer å innføre forbod, så er ønsket at dei i det minste innfører eit krav om ei kreftåtvaring på all reklame for solarium.

– Det er ingen tvil om at bruk av solarium gir ein høg risiko for å få hudkreft. Då er det heilt nødvendig at ein blir informert om risikoen ein utset seg for, slik ein gjer med tobakk og alkohol, seier Gram.

– Bruken av solarium står for ein stor del av tilfella av føflekkreft, spesielt blant dei yngre. Me veit at risikoen for kreft er større jo tidlegare ein begynner å bruke solarium, seier Marit Hermansen, president i Legeforeininga.

Legeforeininga støttar også forslaget. Dei trekkjer fram at reklame for solarium ofte er retta mot dei yngre.

– Det er viktig å vere klar over at marknadsføring av solarium rettar seg mot mange unge. Også dei under 18 år, sjølv om det er 18-års grense for solarium, seier Hermansen.

– Lett å bli påverka

Men enkelte unge vel å halde seg langt vekke frå solarium. Blant dei er sjukepleiarstudentane Janne Presttun og Jeanette Rustand.

– Det kan vere farleg, og det er mykje betre å sole seg på ein naturleg måte, seier Presttun.

Jentene har ikkje tatt solarium sidan ungdomsskulen, med eitt unntak.

– Eg gjorde det ein gong under pandemien, berre for å kjenne på korleis det er å vere i utlandet, seier Rustand som heller sver til sjølvbruning.

Jeanette Rustand og Janne Presttun

Jeanette Rustand og Janne Presttun passar på å ha med solkremen ut i sommarvêret. Solarium vel dei å halde seg unna.

Foto: Marie Håland / NRK

Dei synest begge det er ein bra ting at det kan bli eit forbod mot å reklamere for solarium.

– Eg ser mykje reklame og konkurranse som dukkar opp på Instagram. Så eg trur det er lett for dei unge å bli påverka, seier Rustand. .

– «Symbolpolitikk»

Leiaren for solariumsbedrifta Brun og Blid, meiner at dei allereie åtvarar kundane sine.

– Kommersiell drift av solarium er pålagd å opplyse om potensielle farar i form av ein åtvaringsplakat, seier Thorbjørn Frantzen som eig og leiar Brun og Blid Holding AS.

Frantzen omtaler forslaget om å innføre reklameforbod som «symbolpolitikk».

– Verdas helseorganisasjon (WHO) har både sagt noko om potensiell kreftrisiko ved bruk av solarium, men også ved konsum av prosesserte kjøtprodukt. Likevel er det fullt tillate å reklamere for skinkepålegg til både barn og vaksne, seier Frantzen.