Hopp til innhold

Vil ikkje skrinlegga byggeplanar på gammal søppelfylling

Miljøpartiet Dei Grøne i Sandnes meiner politikarane bør vurdera å skrinlegga planane om 1000 bustadar på den gamle søppelfyllinga i byen. I så fall kan Sandnes kommune gå glipp av store inntekter.

 Sandnes tomteselskap

På Varatun har Sandnes tomteselskap planar om opp mot 1000 bustadar. Planane er førebels sett på vent av tomteselskapet.

Foto: Vivian Fasseland Skjebstad

– Me bør kanskje vurdera å skrinlegga heile området. I utgangspunktet er det meir enn nok andre plassar som bør utviklast til bustadområde, som både er langs kollektivaksane og sentrumsnært, seier bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Sandnes, Erlend Kristensen.

I eit par års tid har Sandnes tomteselskap hatt planar om opp mot 1000 bustadar på byen sin gamle søppelfylling på Varatun (sjå faktaboks), men ein rapport viser fare for liv og helse ved å bygga bustadar på området. Nå har tomteselskapet førebels sett planane på vent.

Det kommunale føretaket har brukt 750.000 kroner på teknisk risikovurdering av prosjektet.

Med ein tenkt snittpris på om lag fire millionar for bustadane, blir den totale omsetninga på fire milliardar kroner. Tomteselskapet skal sjølv eiga og utvikla 40–50 prosent av prosjektet.

Erlend Kristensen

Bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Sandnes, Erlend Kristensen.

Foto: Julie Renee Buene / NRK

Sjefen for tomteselskapet understrekar likevel at det førebels ikkje er nokon kalkylar på kva kommunen vil tena på prosjektet. Det er heller ikkje fastsett salsprisar.

– Det kan godt henda ein bør seia stopp og heller sjå på andre måtar å bruka området på. Kanskje kan det relativt sentrale området heller brukast til fotballbanar eller idrettshallar, seier Kristensen frå MDG.

– Må vera 100 prosent trygt

Men gruppeleiar for det største opposisjonspartiet i Sandnes, Thor Magne Seland (H), vil i utgangspunktet ikkje skrinlegga byggeplanane på Varatun.

– På eit eller anna tidspunkt må ein gjerne rydda i gamle synder uansett. Eg er i utgangspunktet ikkje negativ til bygging, så lenge planane for å rydda opp er gode. Men det føreset sjølvsagt at risikovurderingane er tatt og at ein ryddar opp på ein skikkeleg måte.

Thor Magne Seland

Gruppeleiar for Sandnes Høgre, Thor Magne Seland.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Men er det forsvarleg med det ein alt nå veit om farepotensialet?

– Eg kan ikkje nok om denne type utfordringar. Men eg forventar at dersom det kjem ein plan for at det skal byggast bustadar i dette området, må det vera 100 prosent trygt. Dersom ikkje, vil det ikkje bli gitt løyve frå mange instansar, seier Seland.

– Rett å setja planane på vent

Også ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap), er klar på at alt må vera trygt før første spadetak blir tatt på den gamle søppelfyllinga.

– Eg synst det er heilt rett å setja plane på vent fordi me må vera 100 prosent sikker på at dette er trygt. Dersom det ikkje er det, blir det ikkje aktuelt.

Ordføraren seier ein nå bør vurdera om det er eit alternativ å fjerna det gamle søppeldeponiet eller å legga duk over det.

Stanley Wirak

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak (Ap).

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

– Men kan det vera nok kunnskap som tilseier at ein alt nå bør setja ned foten for prosjektet?

– Eg forheld meg til fagfolk. Det er heilt uaktuelt å gå vidare med planane dersom det er den minste moglegheit for fare for liv og helse.

Ordføraren poengterer også at politikarane har god tid. Bustadprosjektet ligg nemleg ikkje inne i kommuneplanen dei første fire til åtte åra.

Sjekk selv: I NRKs interaktive kart kan du sjekke søppeldynger nær deg!