NRK Meny
Normal

Vil huse asylsøkarar i gamalt lensmannshus

Det gamle lensmannshuset i Forsand kan bli bustad for asylsøkarar. Kommunen skal ta imot 60 asylsøkarar fram mot 2019.

Lensmannshuset i Forsand

Her kan det bli asylmottak, dersom kommunestyret i Forsand går inn for det.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det vil merkast godt. Det kjem til å bli ei utfordring, men samstundes òg ein ressurs, varaordførar i Forsand, Tore Hans Mikkelson.

Kommunen med 1200 innbyggjarar skal dei neste fire åra ta imot 60 asylsøkarar. Og no blir det føreslått at det gamle lensmannshuset, som er nær 100 år gamalt, skal bli til bustad for asylsøkarar.

Eit kjennemerke i Forsand

– Arkitekturen har gjort dette bygget til eit kjennemerke i Forsand, seier Mikkelson.

Og bygget har blitt brukt til mykje forskjellig.

– Det har blitt brukt til både lensmannshus, kommunehus, bank og skule. Så her har det vore mykje forskjellig gjennom tidene, seier Mikkelson.

Seks bueiningar

Og no kan det altså bli staden der ein skal huse fleire av asylsøkarane som kjem til kommunen. Det er førebels berre på planstadiet, men håpet er at huset kan romme seks bueiningar.

– No skal dette behandlast i kommunestyret. Og eg reknar med at dei er løysningsorienterte slik at me kan finna ein god måte å bruke dette huset på, seier Mikkelson.

Saka skal behandlast i kommunestyret onsdag