Hopp til innhold

Vil heim frå Japan

Studenten Therese Ommundsen Hammer frå Stavanger vil nå heim frå Japan. Også Norsk Misjonsselskap evakuerer alle sine norske misjonærar i det jordskjelv og tsunamiråka landet.

Therese Ommundsen Hammer

Therese Ommundsen håper at ho kan koma seg heim til Norge på fredag.

Foto: Privat

Astrid Harbo

Astri Harbo er Norsk Misjonsselskap sin områderepresentant i Japan, ho tilbakekallar nå misjonærane som er stasjonerte i Japan.

Foto: Privat

LES ÒG: Katastrofen i Japan

– Eg har fått flybillett heim på laurdag, forteljer Therese Ommundsen Hammer til NRK.no.

Grunnen til at ho vil vekk er at UD nå rådar folk til å ikkje opphalda seg i Japan . Ommundsen Hammer studerar japansk i Tokyo, og bur i ein leilegheit i byen.

Ho følgjer med på situasjonen ved det det jordskjelvråka atomkraftverket i Fukushima .

– Eg valde å ikkje gå i eit informasjonsmøte i den norske ambassaden i dag, grunnen er at foreldra mine er redde for stråling og vil ikkje at eg skal gå utandørs seier ho.

Ho håper at ho kan vera på veg tilbake til Norge allereie på fredag.

Eg er veldig glad for at eg får koma meg heim nå, men samstundes kjenner eg meg egoistisk som etterlatar eit Japani krise

Silje Amland i Japan

Misjonsselskap evakuerar

Det Norske Misjonsselskap, med hovudkontor i Stavanger, overvakar situasjonen i Japan nøye etter jordskjelvet og tsunamien. Dei har nå vald å evakuera alle sine norske misjonærar. Totalt er det 7 vaksne og eitt born dei nå vil prøva å få heim så snart som råd.

– Me startar ein evakueringsprosess, og ber nå alle våre misjonærar vera klare for å reisa frå landet, seier NMS sin områderepresentant for Japan, Astrid Harbo Aftenbladet.no.

Bakgrunnen er dei kaotiske tilhøva i landet etter jordskjelvet og tsunamien fredag.

Alle dei norske representantane til organisasjonen i landet har det bra. Men dei er prega av dramatikken:

– Kjenner meg egoistisk

Silje Amland

Silje Amland skulle vera ute som misjonær i eitt år i Japan. Nå må ho reisa tre månader før ho skulle.

Foto: NMS

– Me har mellom anna to korttidsmisjonærar i Japan, desse er berre 21 år, og eg tenker at dette må vera ei ekstra tøff oppleving for desse, seier ho.

Ei av desse er Silje Amland frå Stavanger, ho er svært glad for at ho nå blir evakuert, sjølv om ho held til i Osaka, langt frå dei verst råka områda.

– Eg er veldig glad for at eg får koma meg heim nå, men samstundes kjenner eg meg egoistisk som etterlatar eit Japan i krise, seier ho.

NMS som trekk tilbake alle misjonærane har også sett i gang eit innsamlingsaksjon for dei kriseråka japanarane.

– Dei siste dagane har vore ei stor påkjenning, og det er mykje kjensler som kjem ut. Eg har hatt mykje kontakt med familie og venar som er urolege for meg, seier Amland.

Ho kan fortelja at folka i Osaka er rolege på utsida, men at ho trur dei har det vondt, dessutan har fleire folk gått til innkjøp av lommelykter og tørrmat i tilfelle noko skulle skje.