Hopp til innhold

Vil ha vestlandsregion utan Sogn og Fjordane

Fleirtalet gjekk inn for vestlandsregion under Framstegspartiet sitt fylkesårsmøte i både Rogaland og Hordaland i helga.

Terje Halleland

Terje Halleland (Frp) er godt nøgd med at det blei fleirtal for resolusjonsforslaget.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I helga har Frp i Rogaland og Frp i Hordaland hatt fylkesårsmøte. På begge møter blei eit resolusjonsforslag utarbeida av Terje Søviknes, gruppeleiar i Hordaland Frp, og Terje Halleland, gruppeleiar i Rogaland Frp, lagt fram.

I forslaget stod det at dei skal kjempa for samanslåing av dei to nabofylka, og i begge årsmøta gjekk forslaget gjennom.

– Det gjekk gjennom med eit overveldande fleirtal, så eg er svært godt nøgd, seier Terje Halleland etter møtet i Rogaland.

Halleland vil ikkje ha med Sogn og Fjordane

Prinsipielt er han på lik linje med Søviknes imot heile fylkeskommunen, og meiner at landet bør styrast frå berre to nivå: stat og store kommunar. Men sidan regjeringa no likevel jobbar for større regionar, meinerdei at Frp òg bør jobba for ein vestlandsregion.

– Når me er pålagde å ta ein naboprat, så er dette ei god løysing. Me har svært mykje felles med Hordaland.

– Vil de ha Sogn og Fjordane med i vestlandsregionen?

– Me vil at grensa i nord og i sør kan tilpassast, og kanskje skal grensa i nord gå i Sognefjorden. Men å ha med heile Sogn og Fjordane trur me ikkje er ei god løysing. Gjennom arbeidet i Vestlandsrådet så ser me at Sogn og Fjordane har ein litt annan kultur og litt andre målsetjingar enn oss, seier Halleland.

Terje Søviknes viser til teksten i resolusjonen på spørsmål om kva standpunkt dei har i spørsmålet om Sogn og Fjordane.

– Me opnar opp for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dersom dei er interesserte, men det viktigaste er samarbeid mellom Hordaland og Rogaland, skriv han i ein SMS til NRK.

Kan bli avklart til hausten

Tidlegare i år har fylkesordførar i Rogaland, Solveig Ege Tengesdal, KrF, sagt at ho og fleirtalet i fylkespolitikken i Rogaland, er positive til å slå seg saman nordover eller sørover på Vestlandet.

Fleirtalet i Rogaland fylkesting består av Arbeidarpartiet, KrF, Venstre og Senterpartiet. Høgre har kommunalministeren som står bak kommune og fylkesreforma, og Frp si meining er ikkje å ta feil av.

Kva som blei avgjort i Hordaland Frp sitt fylkesårsmøtet er framleis ikkje klart.