NRK Meny
Normal

Vil ha svar om pelsdyrnæringa si framtid

Ikkje før hausten 2016 får pelsdyrbønder veta om Stortinget vil satsa på næringa også i framtida. Den uavklarte situasjonen kan gå utover dyrevelferda, meiner rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling.

Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Han meiner pelsdyrbøndene bør få ei avklaring på om næringa har livets rett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Slik situasjonen er no, vil eg nok tru at det sitt ganske langt inne å investera. Så viss ein tenker dyrevelferd, er ein jo ikkje tent med at denne uavklarte situasjonen held fram, seier rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning.

Diskusjonen om pelsdyrnæringa i Norge skal bli forbode, har på nytt blussa opp. Årsaka er at Mattilsynet tysdag avdekka uverdige forhold hos ein pelsdyrbonde på Jæren. Både Mattilsynet og Pelsdyralslaget har meld bonden til politiet.

Og næringa kan bli avvikla, men Stortinget tar ikkje stilling til det før hausten 2016.

Å vera i ein situasjon der du ikkje veit om du har ryggdekning hos politikarane, kan vera vanskeleg, meiner Lønning.

Artikkelen held fram under biletet

Pelsdyrfarm Klepp

Nærmare 500 mink måtte avlivast på ein pelsdyrfarm i Klepp denne veka.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Utset avgjersla

Det var i Statsbudsjettet det kom fram at regjeringa nå ventar med behandlinga av pelsdyrnæringa si framtid til hausten 2016.

Landbruksminister Sylvi Listhaug har tidlegare bedd dei som vil starta opp med pelsdyr, om å venta med å investera til politikarane har konkludert.

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Listhaug vil ikkje la seg intervjua i denne saka, men i ein e-post skriv statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruksdepartementet at arbeidet tek tid mellom anna på grunn av mange og omfattande høyringsutsegn som dei skal gå gjennom.

– Ein gjer jo ikkje investeringar for å betre dyrevelferda viss ein ikkje trur at næringa har livets rett.

Geir Pollestad, Sp

Krev ei rask avklaring

– Det er lenge å venta, og eg forstår at mange skulle ynskje at dei fekk ei avklaring tidlegare. Og det ynskjer eg og, seier Geir Pollestad i Senterpartiet.

Han er ein av stortingspolitikarane som kjem til å røyste for ei berekraftig utvikling av næringa.

Geir Pollestad

Geir Pollestad i Senterpartiet ynskjer ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Han er samd i at det ikkje gagnar nokon å venta på ei avklaring.

– Ein gjer jo ikkje investeringar for å betre dyrevelferda viss ein ikkje trur at næringa har livets rett og at det vil vera ein politisk aksept for å vidareføre næringa, seier Pollestad.

– Me må få eit svar på om det blir eit ja eller eit nei. Og dersom det blir eit ja, må det vera tydelege signal om kva som krevst av dyrevelferd, slik at folk kan tenke ti, femten år fram i tid, seier rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning.