NRK Meny
Normal

Rådmannen vil ha storbykommune på Nord-Jæren

Stavanger-rådmannen meiner det er uheldig for heile regionen dersom Stavanger, Sola, Sandnes og Randaberg blir ståande åleine, og ikkje slår seg saman.

Laster kart, vennligst vent...

– Det er heilt openbart, sett frå min ståstad, at det er behov for ein heilt annan kommunestruktur i vår region for å møta dei utfordringane me har framfor oss. Eg ser allereie at det er eit behov for det i dag.

– Eg foreslår at Stavanger går inn i konkrete samtalar med Sola, Sandnes og Randaberg med sikte på ein ny storbykommune, seier Inger Østensjø.

Øykommunane kan få vera med om dei vil

Inger Østensjø

VIL HA FIRE KOMMUNAR: Rådmann i Stavanger, Inger Østensjø.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Klar tale frå rådmannen etter at ho i kveld la fram sitt forslag, basert på rapportar om kommunesamanslåing i regionen. Men ho ser ikkje bort frå at andre kommunar kan få vera med i samtalane.

– Eg trur det vil vera uheldig for heile regionen og innbyggjarane her om kommunane blir ståande for seg sjølv. Då vil me ikkje vera i stand til å halda oppe den styrken som krevst for å ta vare på dei store oppgåvene me har, som transport, busetting, næringsliv og arbeidsplassar, seier Østensjø.

Dette meiner politikarane

Blant politikarane er det delte meiningar om ein skal seia ja eller nei til ein storbykommune.

  • Eirik Faret Sakariassen i SV – «Opp til folket»
    – Dette vil me ha folkerøysting om før me tek standpunkt i saka.
  • Per A. Thorbjørnsen i Venstre – Veldig positiv
    – Eg er glad for innstillinga til rådmannen, og dersom nokon av øykommunane vil vera med, så er dei hjarteleg velkomne.
  • Leif Arne Moi Nilsen i Frp – meir skeptisk enn tidlegare
    – Eg hadde forventa fleire sukkerbitar. Skal du fri til nabokommunane, så må du ha noko å tilby. I dag viste presentasjonen at det blir dyrare. Det blir meir byråkrati og større avstand til innbyggjarane. Det blir nesten som å seia at «me skal gifta oss, men du må bruka kjolen til syster di, fordi me har ikkje råd.»
  • Bjarne Kvadsheim i Sp – skeptisk
    – Korleis skal alle innbyggarane bli sett og høyrt i ein så stor kommune? Det skal ikkje berre handla om korleis skapa flest mogleg arbeidsplassar, rådmannen må vera opptatt av meir enn det. Eg vil ha folkerøysting om dette, folket skal sjølv få bestemma kor stor kommunen deira skal vera.