Hopp til innhold

Vil ha preikestolturistane over i båt og buss

Strand-ordføraren vil ha direktebåt og shuttlebuss for å hindra trafikkaos ved Preikestolen i turistsesong. Stiftinga Preikestolen er positiv.

Buss Preikestolen

Strand-ordføraren vil ha hyppigare bussavgangar for dei mange tusen som kvart år besøker Preikestolen.

Foto: Magnus Stokka

– Det bør vera fleire som tar buss frå Jørpeland til startpunktet for Preikestol-turen. I tillegg ønsker me ein direktebåt frå Stavanger til vågen i Jørpeland. Alternativt tenker me at folk i større grad kan nytta parkering i Jørpeland sentrum og ta shuttlebuss derfrå, seier Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H).

Utspelet kjem etter parkeringsutfordringane ved Preikestolen i sommar. Det toppa seg mot slutten av juli med tropevarme, besøksrekord og parkering heilt ned til riksvegen.

Evalueringsmøte

Irene Heng Lauvsnes

Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand.

Foto: Magnus Stokka

Strand-ordføraren lovar eit evalueringsmøte etter sommaren der forbetringstiltak er på agendaen.

– Me trur det vil vera lønnsamt med både shuttlebuss og båttrafikk, seier Lauvsnes.

Ho seier parkeringa på Jørpeland vil vera gratis som i dag, men at det vil vera fornuftig å ta betalt for båtreisa. Kva shuttlebussen skal kosta, eller om den skal vera gratis, er det ennå ikkje tatt stilling til, ifølge ordføraren.

Kø ved Preikestolen

Parkeringskapasiteten ved Preikestolen blei sprengt 20. juli. Det førte til at folk parkerte fleire kilometer frå hovudparkeringa.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Hyppige avgangar viktigast

Dagleg leiar i Stiftinga Preikestolen, Audun Rake, er glad for ordførarinitiativet – og seier dagens busstilbod for preikestolturistane bør utvidast betrakteleg.

Audun Rake

Audun Rake, dagleg leiar i Stiftinga Preikestolen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Hyppige avgangar er kanskje det viktigaste. At bussen er der når folk skal ta den. Og at busselskapa set inn ekstra kapasitet når det er fullt på parkeringa.

Rake seier òg det er meir aktuelt med fleire parkeringsplassar for fotturistane på Jørpeland og Forsand – enn utvida parkering ved Preikestolhytta. Han likar også tanken om direktebåt for dei mange tusen preikestolturistane som i dag tar ferje.

– Det er spanande å etablera nye transportlinjer inn her. Jørpeland sentrum har også ambisjonar om å bli ein turistplass. Eit slikt tiltak vil også hjelpa til med det, meiner Rake.

Positive turgåarar

Forslaga frå Strand-ordføraren blir også tatt godt imot av turgåar Kurt Harald Norland. Han fekk bilskyss opp til parkeringsområdet for Preikestolen.

Kurt Harald Orland

Kurt Harald Norland er positiv til direktebåt og shuttlebuss.

Foto: Magnus Stokka

– Alt som kan legga opp til betre løysingar for turistane ser eg positivt på.

Turfølget til Yang Lan frå Kina tel 24 personar. Dei kom til preikestolparkeringa i ti leigebilar. Men sjølv om Lan sjølv føretrekker bil, er han positiv til shuttlebåt- og buss.

– Det kan vera ein god idé. Det vil vera eit alternativ for dei mange som kjem hit utan bil.

Men sjølv om det blir jobba for betre kollektivalternativ, er det ennå ikkje aktuelt å nekta privatbilane å køyra heilt opp til startpunktet for Preikestol-turen, ifølge Strand-ordføraren.

– I første omgang tenker me ikkje det, men det kan godt vera at utviklinga gjer at det ein gong blir slik. Nå ønsker me å legga til rette for at det blir enklare å komma til Preikestolen, seier Irene Heng Lauvsnes.