Hopp til innhold

– Ein runde til, takk!

Alle trudde siste runde i skjenkedebatten i Stavanger hadde blitt servert. Men nå kjem Cecilie Bjelland (Ap), og ber om ein til. Frp er mildt sagt sjokkerte.

Fleire parti med Arbeiderpartiet i spissen stiller nå spørsmål om Stavanger bystyret sitt skjenkevedtak i juni var lovleg. Partia meiner framgangsmåten under avstemninga kan bryte med kommuneloven.Saka kjem truleg til å enda hos fylkesmannen.

VIDEO: Med gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Cecilie Bjelland i spissen, ønskjer Ap, KrF, SV, Dei grøne, Raudt og Sp å gjera om på skjenkevedtaket som blei gjort for litt meir enn to veker sidan.

Per Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi er mildt sagt sjokkert over at motstandarane av skjenkevedtaket ikkje gjer seg.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

– Eg skal vera ærleg og sei at nokon av oss ikkje hadde vore leie dersom me hadde greidd å få opp att saka på ny. For me meiner det er viktig med ei innstramming i spritsalet og skjenkeringen, seier Cecilie Bjelland til NRK.no.

Vil sjekka om det er lovleg

For litt over to veker sidan lei Bjelland eit skjenkenederlag i bystyresalen.

Då dei skulle stemma om saka gjekk fleirtalet, med hjelp av Arbeidarpartiets eigen Jone Andersen, inn for Høgre, Framstegspartiet og Pensjonistpartiet sitt forslag.

Dette var også det mest liberale forslaget i forhold til alkoholservering i Stavanger, og spritsalet kunne halda fram til klokka 03.00.

I dag kalla motstandarane av dette forslaget inn til pressekonferanse. Dei vil sjekka lovlegheita av korleis stemminga i bystyresalen reint teknisk blei utført.

Håpet er mellom anna å få ein ny sjanse til å innskrenka tida for spritservering i oljebyen.

Fylkesmannen kan avgjera

– Det blei fremma ein pakke med forslag, og bedd om at pakka blei stemt på i sin heilskap. Dette har me fått ein god del spørsmål om er lovleg, eller om me i skal stemma på eit og eit punkt. Dette meiner eg er nøydde til å ta opp og sjekka, seier Bjelland.

Dermed kan Bjelland nå få ein ny skjenkerunde, men dersom bystyret held oppe vedtaket sitt vil saka enda opp i departementet.

Då er det Fylkesmannen som må avgjera skjenkestriden.

Bystyresalen i Stavanger

I bystyresalen for litt over to veker sidan blei H, Frp og Pp sitt skjenkeforslag vedteke.

Foto: NRK

– Mildt sagt sjokkert

Ein av Framstegspartiet sine bystyrerepresentantar følgde den improviserte pressekonferansen frå sidelinja.

Han likte ikkje det han høyrde.

– Eg er mildt sagt sjokkert. Eg hugsar godt kva ordføraren sa. Ho spurte alle om det var greitt at me stemde på pakkane. Det hadde då vore nok om ein representant då tok opp handa si, og sa at han ville ha punktvis avstemming. Men det var det ingen som gjorde, seier Leif Arne Moi Nilsen i Frp.

Men politikarane frå Ap, KrF, SV, Dei grøne, Raudt og Sp vil likevel prøve lovlegheita av det som blei gjort.

Dei meiner pakkeavstemninga hindra ein debatt om dei ulike tema, og tvang mindretalet til å stemma på H, Frp og Pp-pakka. Dei lurer derfor på om dette kan ha påverka avstemmingsresultatet.